Bente Åmbakk på veg til Saksa

Bente Åmbakk på veg til Saksa – bak henne går Alice Hovdenakk og Ivar Åmbakk.

Foto: Einar Fannemel / Sunnmørsposten

Fekk aldri sjå livsverket fullført

Ein 1073 meter høg fjelltopp skapte draumen om å gi nytt liv til heimbygda.

Sunnmørsalpane, 2014: Bente Åmbakk (46) er på veg opp til Saksa, fjellet ho har oppsøkt så ofte, heilt sidan ho var lita og heitte Bente Urke. Stien går gjennom ei stor ur, er bratt og vanskeleg, men på toppen ventar ei fantastisk utsikt.

Sjølv har ho for lengst flytta til Ørsta sentrum, gifta seg og fått tre barn med ungdomskjærasten Egil Åmbakk. Det er berre 35 fastbuande igjen på Urke. Campingplassen er nedlagt, og berre nokre få tyske og nederlanske fisketuristar finn vegen til bygda kvar sommar.

Men denne fjellturen skal bli starten på eit nytt kapittel. På toppen bestemmer ho seg for å gi noko tilbake til bygda ho er så glad i.

Saksa Turstiforening

Bente er ei unik dame, seier dei som kjenner henne. Eit rivjern, som får til det ho vil. Men no er ho avhengig av gode hjelparar. For ideen ho fekk då ho gjekk og kava i ura, er eit prosjekt ho ikkje klarer åleine.

Så ho ringer broren, Svein.

– Du og Jens må bygge trapper til Saksa. Det er vanskeleg å gå der, og fleire må få gleda av å nå toppen, seier ho.

Svein Urke

Svein Urke stiller alltid opp for søstera, men å bygge trapper opp til eit høgt fjell, blir litt i overkant.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Svein Urke og kompisen, Jens Arve Forbord, veit godt kva Bente er i stand til. Sjølv om ho har kjempa mot kreft i fleire år, er det få som har same arbeidskapasiteten som henne. Dei to kompisane ser heller ikkje så mørkt på litt ærleg arbeid, men å bygge trapper opp til eit fjell på 1073 høgdemeter – i tillegg til å ta seg av familie og jobb, det er for mykje.

– Det går ikkje! Vi ville brukt 10 år på dei trappene, minst, er svaret frå Svein.

Han veit godt at søstera ikkje kjem til å slå seg til ro med det. Bente er ei dame det er umogleg å seie nei til. Så han føyer til at då må ho i tilfelle skaffe sherpaer eller noko slikt.

Det går nokre få dagar, så er det ordna.

Bente skaffar finansiering. Sherpaer blir bestilt, og Saksa Turstiforening blir stifta i 2015. Ikkje lenge etter er foreininga ein stor gjeng av entusiastiske fjellfolk.

Bente Åmbakk er sjølvsagt leiar, og ho handplukkar styret. Det skal vere positive personar som får ting til å skje. Ho har dårleg tid.

Dei startar på arbeidet med trappene, og ho finn også ein fin utsiktsplass på vegen opp der ho vil ha gapahuk for dei som vil gå ein litt kortare tur. Det er mykje hardt arbeid, uendelege dugnadstimar må til for å nå målet om at fleire skal oppdage den vesle bygda mellom stupbratte fjell.

Bente Åmbakk og sherpaene

Bente Åmbakk saman med sherpaene ho har leigd inn.

Foto: Alise Bjørdal

Men det Bente vil, får ho til. 12. september 2015 er det folkefest på Urke. Første del av byggeprosjektet Saksaråsa, og gapahuken Bentebu står ferdig.

Saksa Turstiforening og folk frå fjern og nær feirar i strålande sol på toppen av Saksa. Bente er sjuk, men kjem seg opp den bratte stien for eiga maskin. Broren Svein startar så smått å planlegge korleis han kan hjelpe henne opp når ho blir enda svakare. Han tenker han skal bygge henne ein slik berestol som dei kongelege hadde i gamle dagar.

Sigrid Hovdenakk og Fride Åmbakk kasta glans over opninga av Saksaråsa i 2015.

Sigrid Hovdenakk (til venstre) og dottera til Bente, Fride Åmbakk, kastar glans over opninga av Saksaråsa med sunnmørsbunad og flagg på toppen.

Foto: Svein Urke

Liv på Urke

Saksaråsa og Bentebu blir ein suksess. Fjellturistane strøymer til den vesle bygda. Folk kjem ikkje lenger berre for å gå på det mest kjende fjellet: dronninga av Sunnmørsalpane, Slogen. Dei blir gjerne nokre dagar og går på fleire fjell. #urke, #bentebu og #saksa blir raskt ein hit på Instagram.

Campingplassen opnar igjen. I det gamle mjøllageret på kaia blir det burgerrestaurant – Kaihuset blir etter kvart god butikk med svoltne turfolk som strøymer til og vil ha hamburgar og øl. Nærbutikken på Urke går også mykje betre, i alle fall om sommaren.

– Det er noko av det viktigaste. At vi klarer å halde liv i den. Om nærbutikken blir borte, forsvinn sjølve livsnerven i ei bygd, seier Jens Arve Forbord.

Årleg skriv 10 000 menneske seg inn i turboka på Saksa. I tillegg kjem alle dei som berre går til Bentebu i Leknesdalen, og dei som ikkje skriv seg inn i bøkene. Det er eit eventyr.

No er det folk frå heile verda som vil gå på fjellet på Urke, og Saksa Turstiforening ser at det dei har starta kan utviklast vidare til å bli enda større.

Men Bente har no hatt kreft i sju år. 3. juli 2016 døyr ho, 48 år gammal.

Dei tre barna og ektemannen mistar mor og kone, og Saksa Turstiforening den blide og målretta leiaren sin. Det er eit stort tap. Bente klarte å skape liv på Urke, men korleis skal Urke klare seg utan henne?

Egilbu

Mannen til Bente, Egil Åmbakk, har heile tida vore ein god støttespelar i arbeidet med Saksa Turstiforening. Han ser verdien i det dei har skapt, og investerer også mykje av tida si i det nye fjelløpet Urke Challenge eller Saksaløpet som blir arrangert årleg.

Dugnadsånda døyr ikkje med Bente. Egil synest det er naturleg å ta over stafettpinnen med å skaffe sponsorar og søke etter pengar.

Leiaren, Jens Arve Forbord, Saksa Turstiforening

Leiaren i Saksa Turstiforening, Jens Arve Forbord, i sitt rette element med utsikt over Urke og Hjørundfjorden.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Jens Arve Forbord tar over som leiar, men meiner sjølv han vassar rundt i alt for store sko.

– Eg når ikkje Bente til knea når det gjeld arbeidskapasitet, seier den energiske mannen.

Men han, og resten av styret, gir ikkje opp. Bente visste kva ho gjorde då ho handplukka hjelparane sine. Saksa Turstiforening lever dermed aktivt vidare i Bente si ånd, med mykje sosialt fellesskap, dugnadar og høge mål.

Nye prosjekt er snart under planlegging. Kvar gong eit nytt delprosjekt blir avslutta, har gjengen i Saksa Turstiforening ein god fest. Og når dei har fest, kjem det nye idear. Nokre av ideane blir kanskje vel ambisiøse i takt med tomme ølboksar, men mange blir realiserte.

Det var på ein slik fest på Bentebu at Egil Åmbakk lanserte ideen om ein ny gapahuk. Han peika opp på høgda på andre sida av Urkebygda.

– Vi må ha ein gapahuk der oppe på Klokkskollen også, sa han.

Galskap! svarte kompisane. Dei tenkte på alle lassa dei hadde hatt på skuldrene opp til Bentebu, som berre ligg 300 meter over havet. Klokksegga er på 944.

Egil Åmbakk på dugnad på Urkeegga

Egil Åmbakk på dugnad på den nye gapahuken.

Foto: Saksa Turstiforening

Men snart var arbeidet i gang. Ørsta kommune godkjende søknaden, og sponsorane var på plass. Gapahuken med utsikt over Hjørundfjorden, Saksa, Slogen og resten av Sunnmørsalpane, tok sakte, men sikkert, form.

Egilbu har også utsikt ned til Bentebu. Dei to gapahukane ser kvarandre frå kvar si side av bygda.

Det var ikkje opplagt at den nye gapahuken skulle heite Egilbu.

Men så skjedde det noko som gjorde namnevalet lett.

Det var ein nydeleg vinterdag på Sunnmøre. 9. mars 2019. Egil var på skitur saman med ho som etter kvart hadde blitt kjærasten. Elisabeth Bjørke og Egil Åmbakk var godt kjende i området.

Dei skulle berre ned den siste bratte bakken før dalen flata ut ned mot Urke igjen.

Egilbu

Det er dugnad på den nye gapahuken høgt over Hjørundfjorden.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Sjokket

Sunnmørsalpane, august 2019: Jens Arve Forbord, Egil Åmbakk og Svein Urke har kjent kvarandre heilt sidan tenåra. Egil er jo svogeren til Svein, gift med søstera Bente, og ein fjellmann som dei.

Av dei tre kompisane er det berre Jens Arve og Svein som no er på veg til denne siste stordugnaden på Egilbu. Egil Åmbakk gledde seg veldig til å sjå gapahuken ferdig. Han ville ha stor opningsfest, med konsert på toppen.

– Dersom han hadde vore her no, hadde han gått her og skapt god stemning, erta litt og inkludert alle, seier Jens Arve.

Svein nikkar.

– Men når Jens og eg no går på tur utan han, er han der likevel. Vi merkar det.

Det var frykteleg trist for alle rundt når Bente døydde. Ho som alltid skapte liv. Det var likevel ikkje eit sjokk, sidan ho hadde vore sjuk lenge.

– Men når Egil vart tatt, vart alt svart. Det var som om nokon drog ned ei rullgardin, seier Jens Arve.

For snøforholda var lumske denne vakre laurdagen i mars då Egil og Elisabeth var på skitur på Urke. Snøen losna i det vesle henget Egil skulle renne ned før dalen flata ut. Under han var det ei terrengfelle der snøen frå skredet samla seg.

Frå stien opp til Egilbu, ser du godt staden der snøskredet tok Egil.

– Det var der oppe det skjedde. Det var eit stort sjokk. Uansett korleis han hadde reist, hadde dette vore like trist, men når det no skulle skje, må det vere den beste måten å døy på. I fjella han elska, seier svogeren og kompisen Svein Urke, medan han peikar på rasstaden.

Egil Åmbakk døydde 9. mars 2019. 51 år gammal.

Arven

Det er fem månader sidan alt vart svart. Klart for den siste store dugnaden på gapahuken, Egilbu. Snart er det opningsfest. Med konsert og stor fest i bygda om kvelden – akkurat slik Egil ville ha det.

Sommarskodda heng som eit lokk over fjella og gøymer kvasse tindar. Det ville landskapet ser nesten mildt ut.

Dugnadsgjengen fordeler utstyret i sekkane sine, og tar til på den bratte råsa. Skodda er irriterande tett. Det er umogleg å få eit einaste glimt av den storslåtte utsikta. Typisk nordaust-ver på Sunnmøre. Yr melder sol frå skyfri himmel, men skodda bryr seg ikkje om det.

Likevel er ikkje arbeidsfolket redde for å gå glipp av utsikta. Dei som er fødde og oppvaksne på Urke, veit at skodda vil lette.

Det er berre fire dagar sidan leiaren i Saksa Turstiforening, Jens Arve Forbord, kalla inn til dugnad. Likevel er det ein stor gjeng som stiller opp.

Men to personar er sårt sakna.

Barna til Bente og Egil, Espen Åmbakk (23), Fride Åmbakk (20) og Bendik Åmbakk (16) er med på dugnaden på Egilbu denne laurdagen i august.

– Vi er utruleg glade for å sjå kor mange som bidrar. Og at sjølv om mamma og pappa ikkje er her, så klarer dei å ta det vidare. Det er også veldig kjekt at det kjem så mange folk hit for å gå på stiane og sjå det som er bygd opp, seier Fride.

Skodda har letta. Når sola varmar opp den vakraste fjorden, som dei kallar han, smeltar skyene, og den fantastiske utsikta dukkar gradvis opp.

Det er eit yrande liv på toppen av Klokksegga. Nokre sagar eller skrur, andre målar eller ber stein og plankar. Utedoen må på plass. Det same med hengekøyefestet.

– Saksa Turstiforening kan å ha dugnad. Det skal vere kjekt, seier storebror Espen.

Fride er opptatt med å beise Egilbu. Ho gler seg veldig til opninga. Søskena synest det er fint at gapahuken skal heite nettopp det, og at både faren og mora no har ein gapahuk kalla opp etter seg. Det er godt å tenke på at dei kan kome til ein plass der foreldra har lagt ned utallige dugnadstimar.

– Det er jo ikkje berre pappa som har jobba med dette, då. Men vi er veldig stolte over det mamma og pappa og dei andre i Saksa Turstiforening har fått til. No skal eg til Bergen og studere, men ein dag kan det hende eg skal engasjere meg meir i dette. I mellomtida håper eg Saksa Turstiforening klarer å ta vare på det som er bygd opp, seier Fride.

– Det kjem dei til å klare. Her blir det aktivitet i mange år framover, slår Espen fast.

Espen (23), Bendik (16) og Fride Åmbakk (20)

Espen (23), Bendik (16) og Fride (20) Åmbakk er veldig stolte over det foreldra og dei andre i Saksa Turstiforening har fått til.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Det viktigaste

Hengekøyefesta er på plass. Høvdingane Jens Arve Forbord og Svein Urke riggar seg til i kvar si hengekøye, høgt over Hjørundfjorden. Dei andre held fram med å arbeide.

– Dugnadane vi har skal vere slik. Det er ikkje alltid vi gjer så mykje, faktisk. Av og til har vi det berre kjekt i lag. Det er det viktigaste, seier leiaren i Saksa Turstiforening.

Det er 24. august 2019. Fem år etter at Bente Åmbakk gjekk den avgjerande fjellturen på nabofjellet Saksa, opnar Egilbu med Sigrid Moldestad-konsert og folkefest. Det er mange kjensler som kjem fram denne dagen. Sorg og sakn. Men det er ikkje svart lenger. Slik er ikkje Urke. Grendehuset er meir enn fullbooka til den store feiringa.

– Eg synest det er veldig fint. Egilbu og Bentebu som kikar over på kvarandre, seier Svein Urke.

Det er framleis berre rundt 35 fastbuande på Urke. Men fjellturistane strøymer til bygda og den vakraste fjorden.

– Det er forresten kanskje 38, no. Eit ungt par har busett seg her, og dei fekk eit barn i år. Det er stas, seier Jens Arve Forbord.

Opning Egilbu

Det blei folkefest då Egilbu opna offisielt laurdag 24. august med konsert av Sigrid Moldestad. Hundrevis av turgåarar møtte fram for å heidre Egil Åmbakk.

Foto: Marius André Stenberg / NRK