Hopp til innhold

Gynekologane slår tilbake mot Bunadsgeriljaen

Bunadkledde kvinner i heile landet kjempar for ta vare på fødetilbodet i distriktet. Norsk gynekologisk foreining er kritiske til kampen dei fører.

Bunadsgeriljaen foran Stortinget

Bunadsgeriljaen protesterte mot nedlegging av fødetilbod framfor Stortinget.

Foto: Ryan Kelly / NTB scanpix

Det starta med bilete av ei bunadskledd kvinne i sosiale medium. Anja Cecilie Solvik poserte utanfor fødeavdelinga i Kristiansund i protest mot nedlegginga. No har Bunadsgeriljaen blitt ei stor folkerørsle med nesten 100.000 medlemmar. Dei kjempar for å bevare dei små fødeavdelingane, for at gravide skal sleppe å reise timevis til sjukehuset.

Fleire helseføretak har planar om å bygge større og sentraliserte sjukehus, men det er stor usemje om kva fødetilbod som er tryggast for mor og barn.

Anja Cecilie Solvik utanfør fødeavdelinga i Kristiansund

Dette biletet av Anja Cecilie Solvik var starten på Bunadsgeriljaen.

Foto: privat

Vil treffe ein trent spesialist

Nils-Halvdan Morken, leiar i Norsk gynekologisk foreining, synest fokuset på nærleik til sjukehuset har vore for stort i diskusjonen så langt.

– Kvaliteten i fødselsomsorga trumfar over kort reiseveg, seier Morken.

Han meiner kvinner som kjem til fødeinstitusjonane ynskjer å møte spesialistar som har trent på og gjort dei vanskelege inngrepa ofte.

Det finst vel folk som kan dette på små fødeavdelingar også?

– Det er det ingen tvil om. Vi vil ikkje slå handa av våre gode kollegaer som jobbar på gode små avdelingar, men det er forskjell på ei lita og stor avdeling, seier Morken. Han jobbar sjølv som overlege ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Ustabil vikarsituasjon

Nils Morken

Nils-Halvdan Morken meiner kvalitet er viktigare enn kort reiseveg til fødeavdelinga.

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

Norsk gynekologisk foreining opplever at mange avdelingar i landet er for små og baserer seg på vikarar over lang tid. På den måten blir opplæring vanskelegare.

– Vi oppfattar at dette er betre på større avdelingar og at det er lettare å trene. Ein har store og stabile stabar som trenar og gjer ting ofte, seier Morken. Tilbodet om kirurgi er også annleis ved store avdelingar.

Som regel går ein fødsel bra, men i tilfelle med store komplikasjonar, treng ein spesialistar som har opplevd dette før.

Betre følgeteneste

Morken forstår at gravide kvinner ute i distrikta føler seg utrygge på grunn av lang reiseveg. Han trur løysinga finst i betre jordmortenester, både før og etter fødselen. I 2010 tok kommunane over ansvaret for følgetenesta. Alle som har meir enn 90 minutt reiseveg har rett til følge av jordmor, men mange kommunar har ikkje døgnbemanna følgeteneste.

– Visst ein visste at det var ei jordmor som kunne følge deg til fødeavdelinga når det måtte vere på døgnet, trur eg det ville ha hjelpt på tryggleiken, seier Morken.

Meir enn å forløyse barnet

Leiar for Bunadsgeriljaen, Anja Cecilie Solvik trur ikkje fødetilbodet blir betre av å samle fagmiljøet på ein stor plass.

– Fødselsomsorg er mykje meir enn å forløyse barnet. Det handlar om tida før, under og etter fødsel. Dei store kvinneklinikkane er bygd for sjuke kvinner som skal føde sjuke barn, seier Solvik.

Ho er overtydd om at å føle seg trygg har ein direkte samanheng med kor god fødeopplevinga er.

– Det å bli frakta langt i ein ambulanse eller bil for å rekke fram til ein stor fødeklinikk, er både forbunde med ei utrygg ferd og det gir ringverknader for tilknyting til mor og barn, hevdar Solvik.

Ho meiner det er eit politisk ansvar å sørge for at kompetansen er godt oppdatert også på mindre fødeavdelingar.

Skal sjå på fødetilbodet

Statens helsetilsyn gjekk gjennom tilsynssaker i samband med fødslar frå 2009-2013. Det var fleire tilsynssaker ved små fødeinstitusjonar, som har færre enn 1000 fødslar i året. Det var også fleire saker ved dei mellomstore fødeavdelingane, som har mellom 1000 og 2000 fødslar i året, enn hos dei største.

– Vi kan ikkje konkludere med at større fødeavdelingar er tryggare på bakgrunn av denne studien. Vi har berre gått gjennom tilsynssaker og ikkje det totale talet på fødslar, seier seniorrådgjevar i Statens helsetilsyn, Lars Johansen.

Helsedirektoratet har no fått i oppdrag frå regjeringa å sjå på fødetilbodet.

Høyr podkasten om Bunadsgeriljaens kamp om fødetilbodet her: