Anja Cecilie Solvik
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Bunadskrigaren

Rasande kvinner i heile landet har tredd på seg bunadar i kampen for å sleppe å reise i timevis for å føde. I spissen går ho som meinte ho var for kul til å gå med bunad.

Ei uvand kjensle hadde planta seg i kroppen. Kunstnaren Anja Cecilie Solvik (44) var rett og slett forbanna.

Solvik donerte eit bilete til fødeavdelinga i heimbyen Kristiansund for fem år sidan. Instruksen var at biletet under ingen omstende skulle flyttast over fjellet til nabosjukehuset i Molde. I mange år har det vore strid om nedlegging av sjukehuset i Kristiansund, og biletet var meint som ei oppmuntring til dei tilsette og dei fødande.

Kunst frå Anja Cecilie Solvik på føden i Kristiansund

Dette biletet gav Anja Cecilie Solvik til fødeavdelinga i Kristiansund i 2014. Under skreiv ho at biletet ikkje skal flyttast over fjell.

Foto: privat

I slutten av mars bestemte styret i Helse Møre og Romsdal at fødeavdelinga i Kristiansund skal leggast ned, fem år før eit felles sjukehus for Molde og Kristiansund skal stå klart. Dette var stikk i strid med det folket vart lova.

For dei gravide på Nordmøre betyr vedtaket at dei må over fjellet til Molde for å føde. Dei som bur i utkanten kan få tre timars reiseveg. I bil og båt. Folk fryktar at den lange vegen fører til at liv går tapt.

Jordmødrene kontakta biletkunstnaren. Kva skulle dei gjere med biletet som vart bolta fast i veggen, med ein klar instruks?

Sjølv om Solvik er busett i Asker, er ho lokalpatriot på sin hals. Ho veit kor viktig sjukehuset er for nordmøringane. Dei har gått i fakkeltog etter fakkeltog for å kjempe for sjukehuset sitt.

Kunstnaren fekk ein idé. Ho ville gjere eit stunt for å berge fødeavdelinga. Ikkje i sin villaste fantasi kunne ho førestille seg kva stuntet førte til.

Anja Cecilie Solvik utanfør fødeavdelinga i Kristiansund

Anja Cecilie Solvik posta dette biletet, tatt utanfor fødeavdelinga i Kristiansund, på Facebook. Målet hennar var at andre bunadkledde kvinner skulle gjere det same.

Foto: privat

Poserte utanfor føden

1. april var Anja Cecilie Solvik på veg i ein barnedåp hos ei venninne i heimbyen. Dagens antrekk var bunaden ho fekk i gåve til 40-årsdagen.

Ho fekk tilbod om bunad til konfirmasjonen sin også, slik dei fleste andre jentene i kullet hadde. Den gang følte ho seg for kul til å gå i ei folkedrakt. I staden møtte ho opp i kyrkja med rosa ballkjole.

No får bunaden henne til å føle seg rakrygga og sterk.

Solvik stakk innom fødeavdelinga, ein time før dåpen starta, for å utføre stuntet ho hadde pønska ut.

Ho poserte utanfor fødeavdelinga, der ho viste musklar i bunad.

Seinare posta ho biletet på Facebook, og skreiv at føden må bestå.

– Alt kjem frå rett frå hjartet. Eg tenker minst mogleg strategi, men brukar det eg kan frå kunstperformance, hevdar Solvik.

Bunadsgerilja mot nedlegging av fødeavdelinga

På Bjønnahaugen i Kristiansund møtte folk opp for å protestere mot nedlegginga av fødetilbodet i byen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes

Sirkuset startar

Ho oppmoda andre om å ta bilete av seg sjølv, i bunad, på strategiske plassar.

Håpet var at fleire skulle engasjere seg og at nordmøringane kunne samle seg til ein aksjon.

Dei første par dagane tok det ikkje akkurat av. 44-åringen måtte be nære venninner om hjelp. Ikkje alle var like velvillige i starten, dei hadde ikkje tid.

– Eg tenkte, skjer det ikkje noko snart?

Så starta sirkuset.

Kamplystne, rasande nordmøringar poserte i festplagget på fjelltoppar, på traktorar, på fotballkamp, i bystyret. Dei posta bilete av barna sine som har kome til verda på fødeavdelinga i Kristiansund, saman med dramatiske fødselshistorier i sosiale medium. Og dei hamna på tv og i avisene.

Bunadsgeriljaen ror frå Smøla til Kristiansund

Eit av stunta til aksjonistane var å ro ei høggravid kvinne frå Smøla til Kristiansund, med bunad på seg. Turen tok fem timar.

Foto: Svein Junge

Solvik kalla protestgruppa for «bunadsgeriljaen». Valet stod mellom gerilja og mafia, men ho landa på gerilja etter råd frå ein ven.

Gerilja tyder småkrig, men det var ikkje ein liten krig Solvik hadde starta.

Kvinner som aldri hadde gått i protesttog før i heile sitt liv, reiste seg.

Dei stod i bunad på byfjellet i Kristiansund og ropte at nok er nok.

Bunadsgeriljaen fann stadig på nye stunt. Som då 10 bunadkledde kvinner rodde ei gravid kvinne over ope hav.

Fleire mistenkte at eit stort PR-byrå måtte stå bak dei velregisserte påfunna, men Solvik hevda hardnakka at det ikkje stemte.

Ung, trygg mamma

Mannen hennar, sonen på 16 år og dei tre kattane i Asker fekk klare seg sjølv, medan ho stadig var på farten til heimbyen Kristiansund og på møter for å overtyde politikarar om at dei måtte berge fødeavdelinga.

Framleis heng det ballongar etter mannens 50-års feiring, 3. april, i det mørkeraude huset i Asker. På stova står eit stort stereoanlegg som sørga for høg lyd då vennegjengen dansa. Ingen har rukke å rydde ferdig.

Solvik var berre 23 år då dottera kom til verda på lokalsjukehuset i Bærum, 30 minutt unna. Den gode omsorga fekk henne til å kjenne seg trygg. Også då sonen kom, fire år etterpå, hadde ho ei god oppleving.

Tanken på at mange kvinner må reise i timevis med rier, provoserte henne.

Anja Cecilie Solvik såg at bunaden er som ei superkappe som gir merksemd, sjølv om ikkje alle likte at ho brukte nasjonaldrakta som eit våpen.

Anja Cecilie Solvik vaskar bunadstrømper

Solvik har to bunadskjorter og fleire par med bunadstrømper som ho må vaske konstant.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ho bestemte seg for at bunaden skulle vere på kvar einaste dag, fram til styret i Helse Møre og Romsdal ombestemte seg. Og fram til ho fekk lovnad om at føden skal bestå til det nye sjukehuset står ferdig bygt.

Ho bytte mellom to bunadskjorter. Den eine var i bruk, den andre i vask.

Bunadsgeriljaen vaks fort og det er ikkje berre på Nordmøre at fødetilbodet er trua.

Snart skulle kvinner i heile landet finne fram festplagget.

Anja Cecilie Solvik

Anja Cecilie Solvik drøymde om å starte en aksjon for å samle nordmøringane i kampen for fødeavdelinga i Kristiansund, men aksjonen spreidde seg til heile landet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Tatt imot som ein kjendis

Pust roleg.

Ikkje få overtenning.

Fokuser.

Anja Cecilie Solvik (44) har frysningar over heile kroppen, der ho står i eit folkehav av bunadkledde, frosne nordlendingar i ein by ho aldri har besøkt før.

Ho som kjempa for å behalde fødeavdelinga i Kristiansund, vart tilkalla for å gi ekstra muskelkraft til folket i Sandnessjøen, då dei fekk statsministeren på besøk.

Erna Solberg og Anja Cecilie Solvik

I Sandnessjøen møtte Anja Cecilie Solvik statsminister Erna Solberg. Ho gav Solberg ei sølvnål det stod bunadsgeriljaen på.

Foto: Remi Sagen / NRK

Også i Sandnessjøen kjempar lokalbefolkninga for sjukehuset sitt. Dersom sjukehuset blir lagt ned, kan reisevegen til fødande som bur på øyer utan fastlandssamband bli mange timar. I snitt er det 393 fødslar som skjer uplanlagt utanfor sjukehus i landet kvart år. Frykta er at talet skal stige.

Her på Helgelandskysten er Solvik kjendis. Ho er hærføraren som starta bunadsgeriljaen. Ho er den alle journalistane utanfor sjukehuset ville snakke med. Den dei andre bunadkvinnene tok selfie med.

– Hadde det ikkje vore for Anja hadde vi stått her og ikkje visst korleis vi skulle tatt tak i dette. Det at ho kom betyr alt, seier bunadkledde Stine Meyer i folkemengda.

Høie er hovudmotstandar

Geriljasjefen innsåg at kampen er så mykje større enn striden på Nordmøre. Å føde trygt, gjeld for kvinner i heile Noreg, uansett om dei bur i by eller på bygda.

Den einaste som kan sikre dette, er helseminister Bent Høie. (H) På krigsspråk er han bunadsgeriljaens hovedtarget.

Og han slo i bordet med fakta, som viser at fødetilbodet i Noreg har blitt betre dei siste åra, ikkje verre.

Kvinner er jamt over meir nøgde enn før og det er færre skader i samband med fødsel. Det har også blitt fleire jordmødrer ute i kommunane.

Det var ikkje godt nok for Bunadsgeriljaen. Dei starta ein intens kamp for å overtyde stortingspolitikarane om at dei må hindre nedlegginga av fødeavdelinga i Kristiansund.

Direktøren snur

Tilbake på Nordmøre.

Etter 11 dagar i bunad, kunne aksjonistane klokke inn sin første siger Det var eit faktum då administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme, sa at han anbefalte styret i helseføretaket om å utsette nedlegginga av føden i Kristiansund.

Helseføretaket er i økonomisk krise og må spare ein halv milliard kroner dei neste tre åra, men å legge ned fødeavdelinga i Kristiansund har skapt meir rabalder enn nokon kunne førestille seg.

Lege Lisa Skiphamn og Anja Solvik i «bunadsgeriljaen»

Lege Lise Skipshamn og Anja Cecilie Solvik er venninner. Då direktøren i Helse Møre og Romsdal foreslo å utsette nedlegginga, jubla dei to.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Sjølv om utsetjinga Remme kom med berre ei tilråding og at det er styret som sit med makta, blei Solvik så glad at ho sprang så fort dei høghæla bunadskoa kunne bere henne ein kilometer til fødeavdelinga. Ho sprang i supermannpositur med ei hand rett fram og kepet flaksande i vinden. På nytt poserte ho utanfor føden i bunad.

Det kjendest ut som geriljaen hadde rikka på fjellet. Like etterpå fekk Remme sparken.

Ein mann Solvik følte lytta til det bunadsgeriljaen hadde å seie. Likevel hadde ho ei kjensle av at det kom til å ordne seg.

På tv i våt bunadskjorte

Huda på låra er grov og rispa opp. Leggane er nuppete og irriterte.

Det harde ullstoffet på skjørtet gneg.

Anja Cecilie Solvik har aldri før gått med bunad så lenge.

– Eg blør for ei god sak, smiler Solvik. Bunadskoa har laga gnagsår på lilletåa.

Telefonen ringer konstant.

Solvik er som ein duracellkanin i bunad.

Avtaleboka til Solvik som nærast var tom i fjor, blir fullare og fullare. Intervjuavtalar, politikarmøte, demonstrasjonar, appellar, stunt. Møte med jordmødrer. Og rådsmøte med den harde bunadkjernen. Ho går på lufta i God Morgen Norge i TV2 med fuktig bunadsskjorte. Den rakk ikkje tørke over natta.

Anja Cecilie Solvik på God morgen Norge i Tv2

Aksjonsleiaren stilte med fuktig bunadskjorte på God morgen Noreg i TV2, for å snakke om bunadsgeriljaen.

Foto: Remi Sagen / NRK

For å stå i den tøffe kampen med lite søvn og eit heftig reiseprogram, set ho akupunkturnåler på seg sjølv. Nålene skal trekke ut ubehageleg stress, auke energien og gi større innsikt.

– Det viktigaste er å hindre overtenning. Eg blir så engasjert, sint og gira. Og glad for at det skjer så mykje positivt, seier Solvik.

Støtta frå den stadig veksande hæren hennar av bunadkledde mødrer, fedrar og barn frå heile landet gir energi. Ho må ikkje miste kreftene no i innspurten.

Anja Cecilie Solvik med akupunkturnål i panna

Dei siste vekene har det blitt lite søvn. Solvik har gått i lære i to år for å sette akupunkturnåler på seg sjølv.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fekk ikkje fleirtal

14. mai

Dagen då Stortinget skal behandle forslaget om å ikkje legge ned fødeavdelinga i Kristiansund var komen. Anja stod opp allereie klokka 05 for å stryke om att bunadskjorta. Mannen hennar hadde ikkje gjort god nok jobb med armane, meinte ho.

Solvik var saman med Bent Høie, nesten heile dagen. Han som er hovudmotstandar. Ho følte at han lytta til det bunadsgeriljaen hadde å seie.

Dei bunadkledde hadde møtt opp i hopetal utanfor Stortinget, men all verdas klirring med bunadsølv, appellar og dansing hjelpte ikkje på det som skjedde inne i stortingssalen.

Politikarane stemde ned forslaget om å hindre nedlegging av fødeavdelinga i Kristiansund med 51 mot 47 stemmer.

Solvik tok det likevel ikkje som eit reint nederlag.

Ho fekk heile landet til å forstå kor viktig fødetilbodet er.

No står og fell alt på kva styret i Helse Møre og Romsdal gjer. Det er dei som sit med makta. Vil dei snu om på nedleggingsvedtaket?

Bunadsgeriljaen demonstrerer utenfor Stortinget

Bunadsgeriljaen demonstrerte utanfor Stortinget. Stortingspolitikarane stemte ned forslaget om å stoppe nedlegging av fødeavdelinga i Kristiansund.

Foto: Ryan Kelly / NTB scanpix

Finalen

15. mai

Styrerommet til Helse Møre og Romsdal i Ålesund er heilt fullt av journalistar og tilhøyrarar og det er nesten ikkje luft. Av bunadsgeriljaen er det berre Anja Cecilie Solvik og den harde kjernen av organisasjonen som har møtt opp. Solvik er sliten og bunaden hennar treng sårt ein reins. Ho samanliknar lukta av bunaden med drakta til ein viking. Det luktar strid.

I halvanna månad har ho kjempa for å snu saka og få styremedlemmane til å seie at føden i Kristiansund skal bestå, fram til det nye sjukehuset står klart om fem år.

I dag er det finale. Dette kan vere dagen då ho skal ta av bunaden. I veska har ho med bukse.

Når styret omsider behandlar saka, går det fort.

Eit samla styre er samde om å utsette nedlegginga, men dei seier ingenting om kor lenge.

Det er ikkje dette svaret Anja Cecilie Solvik har kjempa for. Ho ville ha ein lovnad om at føden skulle bestå i fem år. Til eit nytt sjukehus står klart.

Før styremedlemmane tar pause, kuppar ho møtet. Stiller seg framfor dei og seier at ho ber dei tidsbestemme kor lenge det skal gå før nedlegginga.

Skuffa går ho ut av møterommet.

Bunaden blir ikkje tatt av med det første.

Anja Solvik kuppa styremøte i Helse Møre og Romsdal

Anja Cecilie Solvik kuppa styremøtet i Helse Møre og Romsdal og oppmoda styremedlemmane om å så raskt som råd svare på kor lenge føden i Kristiansund skal bestå.

Foto: Remi Sagen / NRK