Hopp til innhold

Mediefaga står sterkt i Volda

Søkartala totalt sett i Samordna opptak for Høgskulen i Volda viser ein nedgang på 17,8 prosent. I fjor hadde 1092 søkarar HVO på førsteplass, medan talet for 2024 er 898.

Ved Høgskulen i Volda er journalistikk det studiet som har flest søkarar ved Høgskulen i Volda. Det er 55 studieplassar på bachelor i journalistikk, 137 har det på førsteplass. Det er også gode søkartal til animasjonsutdanninga og dei andre medieutdanningane, melder høgskulen.

Dei estetiske faga ved HVO har også stabile søkartal. Også friluftsliv er populært.

– Etter at bachelorgradsprogrammet i religion og kultur blei nettbasert i fjor, opplever studiet nesten ei dobling i talet søkarar målt mot 2023, skriv høgskulen i ei pressemelding.

Nasjonalt opplev lærarutdanningane framleis lågare søkartal enn tidlegare, ein trend også HVO er ein del av.

– Vi er bekymra for lærarutdanningane. Her må det eit felles løft til i heile landet, dette må løysast på nasjonalt nivå, seier rektor Odd Helge Mjellem Tonheim i presssemeldinga.

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) har derimot ei auke i søkarar.

Studentar er på veg over ei bru og inn i ei bygning på Høgskulen i Volda.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK