Hopp til innhold

Tyske turgåarar måtte reddast ned frå fjellet

To tyske turistar måtte få hjelp etter å ha gått seg fast i fjellet. Dei to blei henta ut av redningshelikopter like før klokka 05.00 fredag morgon.

Gjuratinden

Det var like før klokka 22.30 torsdag kveld at politiet fekk melding om to tyske menn som hadde gått seg bort i området Gjuratinden, som ligg på grensa mellom Rauma og Nesset kommune.

– Dei hadde gått frå ei turisthytte som ligg ved Eikesdalsvatnet og skulle gå til ei anna turisthytte då dei kom bort frå stien, seier Rolf Anders Korstad, operasjonsleiar for politiet på Nordmøre og i Romsdal.

Dei to melde sjølv frå til politiet om at dei hadde gått seg bort og at dei trengde hjelp.

– Dei fortalde at dei ikkje visste kor dei var og at det var snø i området, det er høgt til fjells dette området, seier Korstad.

Henta ut med helikopter

Politiet har hatt kontakt med dei to gjennom heile natta.

– Først hadde vi kontakt med dei på telefon, men så gjekk vi over til SMS ettersom dei hadde lite batteri igjen på telefonen dei hadde med seg, seier Korstad.

Like før klokka 05.00 fredag morgon blei dei to funnen av redningshelikopter.

– Hovudredningssentralen rekvirerte eit helikopter og sette i gang eit søk. Dei to mennene blei funne ti på fem og blir no flydd ut av området, seier Korstad.

Dei to 19-åringane frå Tyskland skal vere i god form.

– Ja, dei var uskadd. Dei hadde bra med utstyr med seg så det gjekk bra, seier operasjonsleiaren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL