Hopp til innhold

Måtte avslutte bålfesten på Slinningen etter fyll og bråk

Politiet måtte avslutte festen ved Slinningsbålet i Ålesund etter fleire slosskampar etter midnatt.

Folkefest ved Slinningsbålet

Det møtte opp mykje folk ved Slinningsbålet laurdag, men ifølgje politiet var det så mykje fyll og slåsting at festen måtte avsluttast.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Den årvisse festen rundt Slinningsbålet i Ålesund fekk ein trist slutt då politiet måtte avslutte arrangementet rundt klokka 2.30 natt til søndag.

Laster Twitter-innhold

– Det var ei stund så mykje slåsting at vi ikkje hadde oversikt over alt, seier operasjonsleiar Tor-Andre Gram Franck. Han seier dei involverte var tenåringar, men at ingen blei alvorleg skadde.

Han vil ikkje uttale seg om dei hadde nok mannskap på arrangementet.

– Det er tradisjonelt mykje folk på ein liten plass, og det blir sikkert drukke ein del alkohol før arrangementet, så ein del var nokså rusa før dei kom, seier han.

Fleire mindreårige på fest

Mykje folk på Slinningen

Mykje folk samla seg ved Slinningsbålet laurdag kveld.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Ifølgje politiet var det også tidlegare på kvelden problem med fyll – også blant dei yngste. Ei mindreårig jente måtte hentast av politiet allereie i 23-tida, då var ho ifølgje politiet utagerande. Foreldra blei ringt til, og måtte hente jenta si.

Like etter sende politiet ut ei ny twitter-melding der dei varsla om mange rusa ungdommar og mindreårige.

Stort oppmøte

Laster Twitter-innhold

Det blei sett verdsrekord i bålbygging då Slinningsbålet hamna i Guiness Rekordbok i 2016. Bålet og den spesielle tradisjonen har blitt vist på fjernsynsskjermar verda rundt, og også i år var det stort oppmøte ved bålet.

På førehand gjekk politiet ut og bad folk om å halde seg på trygg avstand frå flammane, og å respektere skiltinga.

Men fyll og bråk blei eit større problem.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL