Hopp til innhold

Her skal sjølvtesting redde russetida

I Kristiansund skal russen korona-teste seg sjølv jamnleg gjennom russetida. Dei brukar ein nyutvikla metode som testar heile klassen i ein smekk.

Russ tar hurtigtest i Kristiansund

Marie Aandahl er glad for å vere med ei ein av russeklassane som får teste seg under russetida.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Alle elevane får utdelt kvar sin testpinne og læraren forklarar korleis dei skal gjere det. Pinnen skal langt inn i nasen, så rørast litt rundt, deretter blir dei samla inn. Alle testane blir lagt i same «bøtte» og sendt til analyse.

Kvar veke skal elevar i seks klassar på Atlanten vidaregåande skule i Kristiansund teste seg sjølv gjennom russetida.

– Eg synest var ekkelt og litt uvant, men det gjekk bra, sier Marie Aandahl, som går tredje klasse idrett.

Dette er ein ny metode som det mikrobiologiske labratoriet ved Molde sjukehus har utvikla og prøvd ut på vidaregåandeelevar i om lag ein månad.

Sjølvtesting i Kristiansund

Her testar Henriette Iversen og Marie Aandahl på Atlanten vidaregåande seg sjøl. Heile klassen fekk negativt svar nokre timar etterpå.

Laboratoriet treng berre å analysere éi prøve frå kvar klasse. Er den positiv, går heile klassen i karantene.

– Det gir ein tryggleik for heile skulen at dei veit vi er friske. Og så kan vi faktisk kan vere saman, utan å vere stressa over at vi kan vere smitta, seier Henriette Iversen.

Massetesting av russ, Atlanten vgs

Lærar Anne Lise Olsen synest prøvetakinga gjekk raskt for seg: – Det gjekk overraskande bra. Dei er kjempeflinke til å teste seg sjølv desse her.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Trettidoblar kapasiteten

Den nyutvikla metoden for massetesting sparer ressursar ved at den gir svar på prøver frå heile grupper med berre ein analyse i laboratoriet.

Einar Nilsen, avdelingssjef ved avdeling for medisinsk mikrobiologi ved Molde sjukehus.

Einar Nilsen er avdelingsleiar ved Mikrobiologisk avdeling på Molde sjukehus.

Foto: Guri Viken / Helse Møre og Romsdal

– Viss fellesprøva er positiv må alle i karantene, noko dei uansett hadde vore nøydd til om berre ein elev hadde testa positivt. Det seier avdelingsleiar ved labratoriet, Einar Nilsen.

Prøvene er nesten like gode som dei ein tar hos helsepersonell. Kvar test kostar åtte kroner per person, berre ein brøkdel av det ein vanleg test kostar.

Prøveprosjektet for den nye metoden for massetestar er snart ferdig. Fordi det har oppstått utbrot fleire stader i Møre og Romsdal har dei rulla metoden ut i fem kommunar denne veka.

Kommuneoverlege Askill Sandvik på Atlanten vgs

Kommuneoverlege Askill Sandvik har henta prøvene, som blir gjort klar til køyring til nabobyen Molde, der dei blir analysert. Etter nokre få timar var svaret klart: Negativt.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Kommuneoverlegen valde russen

Kristiansund valde å prioritere russen då kommunen fekk tilbod om å bruke den nyutvikla metoden. Kommuneoverlegen meiner det er viktig.

– Dei er ein del sosiale, og då er det viktig for russen sjølv å vite at ein er negativ. Samtidig er det greitt for befolkninga å vite at vi har kontroll på smittesituasjonen rundt russen, seier kommuneoverlege Askill Sandvik.

Han meiner ei slik massetesting kan vere eit viktig verkemiddel for å halde skulane opne framover.

Testing av russ på Atlanten videregående skole i Kristiansund

Kommuneoverlege Askill Sandvik synest russen fortener denne moglegheita til å teste seg.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / Marius André Jenssen Stenberg

– Vi går inn mot russetid, og det er ei naturleg opning av samfunnet, så vi er spent på korleis smittesituasjonen utviklar seg, seier Sandvik.

Tilbake i klasserommet på Atlanten vidaregåande skule i Kristiansund er Henriette Iversen klar på at dei trass i hyppig massetesting ikkje kan feste som før.

– Nei, vi må no ta forhaldsreglar og vere forsiktige uansett, men då har vi litt friare tøylar enn om vi ikkje skulle ha testa oss, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL