Hopp til innhold

Fryktar mannskapsflukt på ferja til turistmagneten Geiranger

Ferjemannskapet truar med å skifte arbeidsstad på grunn av reglar om kviletid. – Kviletida verkar stikk motsett, seier skipper Sigge Berli.

Sigge Berli og Lars Storås er begge kapteinar i sambandet Eidsdal-Linge

Sigge Berli og Lars Storås er begge styrmenn på ferja som går mellom Eidsdal og Linge. Dei er kritisk til den nye turnusen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Berre tre bilar køyrer om bord i den vesle ferja på Sunnmøre denne vinterdagen. Men sommarstid er ferja full av turistar som skal til Geiranger.

– Dette er den finaste plassen å køyre ferje. Vi er rett og slett i verdas navle, seier skipper Sigge Berli.

Han er på ferja eitt døgn i gongen og deretter har han fri eitt døgn. No blir turnusen endra fordi styresmaktene har skjerpa inn kravet om kviletid. For skipperen betyr det at han skal jobbe 12 timar og ha fri 12 timar. Meininga er at dette skal gi meir kvile.

Problemet er at få av dei som jobbar på sambandet mellom Eidsdal og Linge bur nær ferja. Dermed går mykje av kviletida med til pendling.

– Halve mannskapet får over tre timar køyring dagleg. Det blir i tøffaste laget. Du rekk knappast å sove før du skal om bord igjen. Eg vil ha utkvilt mannskap, ikkje utslitne, seier Berli.

Sigge Berli er kaptein på ferja Harøy som går mellom Eidsdal og Linge

Sigge Berli meiner den nye turnusen som skal sikre nok kviletid for mannskapet, verkar mot si hensikt.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ambulanse om natta

I mange tiår har ferjemannskapet på Eidsdal-Linge hatt døgnvakt. Om natta går ikkje ferja og på denne tida skal mannskapet kvile seks timar samanhengande.

Utfordringa er at dei ikkje alltid får denne lovpålagde kvilen. Dersom bygdefolk blir sjuke midt på natta må ferjemannskapet fyre i gong motorane og frakte ambulansen over fjorden. I snitt skjer det to gongar i månaden.

Med innskjerpingar av reglane betyr det dei må kvile i nye seks timar etter ein beredskapstur.

Dermed blir ferja liggande til kai dei tidlegaste turane om morgonen og pendlarar kjem seg ikkje på jobb.

Berli meiner det ikkje er noko problem å droppe kviletida etter ambulansetur, slik at ferja går i normal rute.

– Du blir utsliten etter ei slik vakt, men du får komme heim å ha fri i 24 timar. Det er kvile, seier skipperen.

Ferja Harøy går mellom Eidsdal og Linge

Ferja går ikkje i rute om natta, men det kan skje at dei likevel må køyre ein beredskapstur dersom ambulansen skal over fjorden.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK
Odd Reidar Ormåsen

Odd Reidar Ormåsen er regionleiar i Fjord1. Han håper at mannskapet skal kunne gå tilbake til døgnvakt, men på kort sikt må dei legge om turnusen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Skaffe hyblar

Regionleiar i Fjord1, Odd Reidar Ormåasen, seier at dei står ovanfor ein vanskeleg situasjon, der dei har få moglegheiter. Dei kan ikkje risikere at dei reisande må vente i timesvis dersom ferjemannskapet har hatt beredskapstur og må difor legge om turnusen.

– På kort sikt er den einaste løysinga å legge om til 12-12 og så må vi jobbe så godt vi kan for å finne tiltak som gjer at det er mogleg for mannskapet, seier Ormåasen. Det betyr blant anna å skaffe hyblar til dei som bur langt unna og kanskje flytte nokre av mannskapet til andre samband.

Fylkespolitikarar har no tatt tak i saka og jobbar opp mot Sjøfartsdirektoratet.

– Eg håper at vi får halde fram praksisen vi har hatt i 20 år, seier Ormåasen.

Ikkje tid til dopausar

Fagforeininga Sjømannsforbundet meiner kviletidsreglane er viktige. Dei ser at mange ferjetilsette har hektiske dagar. Det har blitt færre tilsette og fleire oppgåver. Enkelte har målt at dei går 30.000 skritt på ei vakt.

– Det er stressande dersom dei ikkje har tid til å gå på do eller ete i løpet av vakta, seier rådgivar Ove Kaland. Han meiner det er fornuftig å gi dispensasjon frå kviletida på enkelte samband, men ikkje på alle.

Det viktige for Sjømannforbundet er at dersom mannskapet skal halde fram med å jobbe døgnskift, må reiarlaget legge ein plan for kviletid etter ein beredskapstur.

– Då må ein til dømes sette inn eit nytt mannskap, seier Kaland.

Lars Storås er skipper på ferja som går mellom Eidsdal og Linge

Lars Storås fryktar at fleire tilsette forsvinn frå ferja og at det i staden blir mange vikarar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Fryktar mannskapsflukt

I styrhuset på ferja har styrmann Sigge Berli fått selskap. Lars Storås skal snart ta over roret, og Erli kan dra heim. Storås bur berre nokre minutt unna ferjekaia, så for han blir ikkje den nye turnusen like vanskeleg. Hans frykt er at mange gode kollegaer kjem til å forsvinne.

– Vi har så godt arbeidsmiljø at folk blir verande til dei blir pensjonistar, men no fryktar eg at denne stabiliteten forsvinn, seier Storås.

Sigge Berli har allereie bestemt seg.

– Eg vil ikkje slutte i Fjord 1, men eg vil søke meg til eit samband nærare heime, seier Berli.

Sigge Berli er styrmann på ferja som går mellom Eidsdal og Linge

Sigge Berli bur i Ålesund og kjem til å bruke rundt tre timar dagleg på pendling til ferja.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK