Hopp til innhold

Sikta for seksuelt overgrep mot mindreårig

Overgrepet skal ha skjedd under eit arrangement i ei kyrkje i Romsdal tidlegare denne månaden.

Molde politistasjon

Ein mann frå Romsdal er mistenkt for seksuelle handlingar mot ein gut som er under 14 år.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ein mann frå Romsdal er no mistenkt for eit seksuelt overgrep mot ein gut som er under 14 år. Den fornærma guten deltok på eit arrangement i kyrkja då overgrepet skal ha skjedd.

– Vi fekk inn ei melding i samband med dette arrangementet, noko som utløyste ei etterforsking. Mannen er mistenkt for seksuelle handlingar mot ein mindreårig, seier politiførstebetjent Dag Erling Austvik til NRK.

Den mistenkte mannen skal ha vore med på å arrangere tilstellinga, men var ikkje tilsett i kyrkja.

Blir etterforska

Mannen blei arrestert av politiet tysdag ettermiddag og brakt inn for avhøyr ved politistasjonen i Molde. Den mindreårige guten har blitt avhøyrd ved Statens barnehus i Ålesund. Politiet har også gjennomført ein rekke avhøyr av fleire vitne.

– Kvifor blei ikkje mannen avhøyrt før?

– Etterforskinga starta med ein gong, men vi måtte prioritere andre oppgåver. Difor blei det bestemte å ikkje avhøyre han før i går, seier Austvik.

Den mistenkte mannen er ikkje tidlegare straffedømt og blei slept fri etter avhøyret tysdag.

Austvik seier det framleis står att mykje etterforsking i samband med saka.

Det var rbnett.no som først omtalte saka. Ifølgje avisa var det andre vaksne i kyrkja som reagerte på mannens oppførsel.