NRK Meny
Normal

Mann må ut med 400 000 kroner etter huskjøp i Rauma

Mannen som ba om opp til 720 000 kroner i erstatning etter eit huskjøp i Rauma, må i staden betale nesten 400 000 kroner sjølv.

Rettssal Molde tingrett

Huset han kjøpte hausten 2013 kosta han dyrt, etter at han først kjøpte det for 650 000 kroner etter eit tvangssal.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Huseigaren i Rauma tapte saka i Romsdal tingrett, men gav seg ikkje med det. I januar var det ny rettsak i Frostating lagmannsrett, men også her tapte han. Dermed må han ut med nesten 400 000 kroner i sakskostnader.

Dermed har huset han kjøpte hausten 2013 kosta han dyrt, etter at han først kjøpte det for 650 000 kroner etter eit tvangssal.

Kravde prisavslag og erstatning

Kort tid etter at han flytta inn i einebustaden i Rauma klaga han. Huset frå 1920 var etter hans syn i vesentleg dårlegare forfatning enn det burde vore. Han viste også til at det var mykje rot og søppel i huset, og han hevda mellom anna at det mangla kvitevarer som han skulle ha hatt.

Han hevda også at han hadde fått opplysningar om at det høyrde privat brønn med, utan at det stemte. Dermed ville han ha prisavslag og erstatning, og ba om vel 150 000 kroner kvar frå eigedomsselskapet som var involvert i salet, og banken som hadde pant i huset.

Anka til lagmannsretten

Trass i at han ikkje vann fram med kravet i tingretten, anka mannen til Frostating lagmannsrett, og her la han ned påstand om erstatning opp til 720 000 kroner til saman frå banken og eigedomsselskapet. Han ville også ha dekt sakskostnadene sine.

Eigedomsselskapet og banken hevda i lagmannsretten at mannen måtte rekne med at eigedommen hadde manglar. Dei viste til at huset kom for tvangssal, og at det då var større grunn enn elles til å vente feil ved huset.

Nytt tap i retten

Huseigaren har heller ikkje fått støtte i lagmannsretten. I dommen blir det konkludert med at det ikkje er gitt feil opplysningar om kvitevarene eller brønnen. Søppelet og rotet, må den nye eigaren ta seg av, slår dommen også fast.

Anken har dermed ikkje ført fram, og huseigaren må sjølv ut med nesten 400 000 kroner i sakskostander til banken og eigedomsselskapet han trekte for retten.