Hopp til innhold

Dømt til over tre og eit halvt års fengsel for overgrep på Moldebadet

Ein mann i slutten av 20-åra frå Romsdal er dømt til fengsel i tre år og seks månader etter eit seksuelt overgrep på Moldebadet.

Ein rettssal i Møre og Romsdal tingrett. Vi ser riksvåpenet hengje på veggen bak stolen og dataskjermane til dommaren. I forgrunnen, ute av fokus, ser vi nokre stolar og høge bordmikrofonar.

DØMT: Rettssaka mot mannen gjekk i Møre og Romsdal tingrett i starten av oktober.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Mannen blei dømt for seksuell omgang ei jente under 16 år og for å ha skaffa seg den seksuelle omgangen ved bruk av vald. Dette skjedde på Moldebadet tidlegare i år.

Ifølge dommen skjedde overgrepet medan mannen og ei jente sat aleine i eit boblebad.

Overgrepet blei avdekt ved at ei badevakt skal ha observert at jenta var lei seg og tok kontakt for å spørje kva som hadde skjedd.

Erkjente ikkje straffskuld

Mannen erkjente ikkje straffeskuld då saka blei behandla i Møre og Romsdal tingrett i starten av oktober.

Til politiet sa mannen først at han aldri var aleine i boblebadet med tenåringsjenta, men etter å ha blitt vist video av dette sa han at det kunne ha skjedd.

I retten forklarte mannen at han ikkje hadde forgripe seg på den fornærma.

– Retten forstod tiltalte slik at om han skulle ha forgripe seg på henne, så skuldast dette boblene i boblebadet og sterke strøymer som gjorde at han kan ha kome borti henne, står det i dommen.

– Sårbar situasjon

Retten har ikkje lagt lit på mannen si forklaring og meinte det var sterke bevis for å dømme han. Blant anna la dei vekt på jenta sine forklaringar og videoovervaking på staden som viser at ho spring ut av boblebadet og ser skremt ut.

Retten har også lagt vekt på at det i denne saka var snakk om ein sårbar person i eit offentleg bad.

– Fornærma har ein diagnose som lett psykisk utviklingshemming og er moden på linje med eit barn på 8–9 år. Det er skjerpande, står det i dommen.

Statsadvokat Ingvild Nordheim i retten i forbindelse med saken mot personen som er tiltalt for drapsforsøk på en miljøarbeider i Volda kommune.

Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim er fornøgd med konklusjonen til retten.

Foto: Kaja Skatvedt Robak / NRK

Retten landa dermed på ei fengselsstraff på tre år og seks månader.

Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim meiner straffa er innafor det ho meiner er riktig i ei slik sak.

I tillegg til fengselsstraffa må mannen også betale 225.000 kroner i erstatning til jenta.

Morten Arne Lunde er forsvararen til mannen. Han seier at han så langt ikkje har fått snakka med klienten sin om dommen.