Hopp til innhold

Politiet åtvarar etter at ung mann køyrde på ski gjennom islagt vatn ved Trollstigen

Med fullt toppturutstyr skal ein mann i 20-åra ha forsøkt å krysse eit islagt vatn i stor fart. Kameratane berga truleg livet hans.

Mann hamna under vatn ved Trollstigen i Rauma.

Ifølgje politiet var det kameratgjengen som klarte å få liv igjen i den unge mannen. Då ambulansehelikopteret kom fram skal han ha pusta sjølv igjen.

Foto: Arne Eidem Reinen

Ein romsdalsmann i 20-åra er frakta til sjukehus etter å ha blitt henta opp av eit delvis islagd vatn like ved den populære turistattraksjonen Trollstigen i Rauma.

– Han hadde fullt skiutstyr, som sikkert gjorde det problematisk å halde seg flytande. Etterkvart kom kompisane ut til han, seier operasjonsleiar Borge Amdam ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Operasjonsleder Borge Amdam

Operasjonsleiar Borge Amdam seier det var ganske dramatisk ei stund. Mannen trengde hjelp til å puste igjen etter å ha vore under vatn.

Foto: Politiet

Eit fullt topptur-utstyr veg gjerne mange kilo. I tillegg til breie ski og solide støvlar, køyrer dei fleste med hjelm og ryggsekk.

– Han skal ha vore under vatn i ei kort periode og blir tatt med til sjukehuset i Molde for sjekk, opplyser politiet

– Dramatisk ulykke

Ifølgje politiet kunne utfallet av ulykka vore langt verre. Mannen i 20-åra skal ha forsøkt å krysse vatnet, men mist fart midtvegs, og gått under med fullt utstyr. Etterkvart klarte kompisane å få han ut av vatnet, men då måtte dei sette i gang hjarte- og lungeredning for å få han til å puste.

– Det var ganske dramatisk ei stund. Han trengde hjelp for å puste, seier Amdam.

Mann henta opp va vatn ved Trollstigen i Rauma.

Trollstigen er eit populært utgangspunkt for skiturar etter at vegen er opna. Kameratgjengen frå Romsdal var ikkje åleine på tur søndag.

Foto: Arne Eidem Reinen

Åtvarar andre

Fjellområdet rundt Trollstigen er eit ynda område for skientusiastar, ikkje minst i mai når vegen nettopp har opna. Dei siste dagane har det vore stor utfart til området.

Mannen i 20-åra var i eit turfølgje, og det er førebels ikkje klart om det var fleire som forsøkte å krysse fjellvatnet med ski. Politiet åtvarar mot aktiviteten.

– Eg forstår at dei sikkert ville eksperimentere litt, og det ser stilig ut, men dette bør ein ikkje gjere på djupe vatn der ein ikkje botnar. Folk må vurdere kva som skjer om dei ikkje kjem seg over, seier Amdam.

Ifølgje politiet er mannen i 20-åra nedkjølt. Helse Møre og Romsdal skriv søndag at mannen har lette skadar.

Mann henta opp av vatn ved Trollstigen i Rauma.

Ifølgje politiet kunne ulykka endt langt verre. Politiet åtvarar folk mot å krysse fjellvatn på ski.

Foto: Arne Eidem Reinen