Mann funnen død i Molde

Ein mann i starten av 60-åra er ifølgje politiet funnen død like ved bustaden sin på Kvam i Molde i dag. Mannen blei funnen av forbipasserande. Politiet opprettar sak, men mistenkjer ikkje at det skal ha skjedd noko kriminelt. Pårørande er varsla.