Hopp til innhold

Mann berga etter 18 timar i havsnød

Ein seglar som grunnstøytte på Romsdalskysten sat fast på dei berykta Galderskjæra på Hustadvika i 18 timar før han fekk hjelp.

Redningsaksjon ved Bjørnsund.

Mannen blei berga 18 timar etter at han grunnstøytte på Galleskjæra.

Foto: Redningsselskapet

Mannen hadde lagt ut på ein segltur frå Hitra til Sør-Georgia, men ferda enda brått og brutalt etter kort tid.

Galderskjæra er ein del av havstykket Hustadvika. Det er rekna som eit av dei farlegaste områda langs norskekysten og fleire skip har forlist her. Det mest kjende er Rokta-forliset i 1938 der åtte personar omkom.

Dette er også det same havstykket der cruiseskipet «Viking Sky» fekk problem i mars 2019.

Viking Sky

1373 menneske om bord i «Viking Sky» var i livsfare då cruiseskipet fekk motorstans i full storm over det farlege havstykket Hustadvika 23. mars i fjor.

Foto: Åse Grete Farstad

Redningsselskapet blei varsla om hendinga onsdag kveld. Det var ein båt som passerte området som meldte frå til Hovudredningssentralen om det dei trudde var ei grunnstøyting.

– Han skal ikkje ha hatt noko å kommunisere med, fortel Andreas Astad, bestmann om bord i redningsskøyta «Mærsk».

Då mannen blei berga hadde han vore i havsnød i 18 timar.

Laster Twitter-innhold

Frakta til sjukehus

Redningsskøyta deltok i bergingsarbeidet. Astad fortel at det var tung sjø og dønningar då dei kom til staden.

– Det var dermed vanskeleg å ta seg inn til skjeret der båten låg, men etter kvart fekk vi sett ein mann på land, fortel han.

Ti minutt seinare var også eit helikopter frå Hovudredningssentralen på plass. Mannen blei frakta vekk frå staden og sendt til Molde sjukehus for sjekk. Ifølgje Astad skal mannen ha vore i god form, trass i at han hadde vore 18 timar i havsnød.

– Han var vaken og prata då vi kom til staden, men klaga over smerter, seier han.

Fredag ettermiddag opplyser Helse Møre og Romsdal at tilstanden til mannen er stabil. Han skal berre ha moderate skader.

Uklart kva som skjedde

Det er så langt uklart kva som var årsaka til grunnstøyttinga.

Båten ligg framleis ved Galderskjæra.

– Vêret har så langt vore for dårleg til å berge båten, men vi skal reise ut for å undersøke situasjonen seinare i dag, fortel Astad.

Galleskjæra ligg i havstykket Hustadvika.