Hopp til innhold

Mann tiltalt for valdtekt, drap og drapsforsøk i Molde

I løpet av eit kvarter skal mannen i 20-åra ha gjort seg skuldig i valdtekt, drap og drapsforsøk. No er han tiltalt.

Person funnet død i Molde.

DRAP: Det var i november i fjor at ei kvinne blei funnen død i ein bustad i Molde. No er ein mann sikta for drapet.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det var natt til 24. november 2021 at politiet i Molde rykte ut til to alvorlege hendingar omtrent samtidig.

På ein åstad blei ei kvinne funnen død.

På ein annan åstad, like ved, blei ein mann i tenåra funne alvorleg skadd.

Les også: Frigir namnet på kvinne som blei drepen i Molde

Politisperring på åstedet for drapet i Molde.
Politisperring på åstedet for drapet i Molde.

Brukte vektstong

No er ein mann i 20-åra tiltalt for valdtekt og drapet på kona si og drapsforsøk på to andre menn.

Ifølgje tiltalen skal mannen ha tatt seg inn gjennom soveromsvindauget til kona si, valdteke henne og deretter slått henne hardt i hovudet fleire gonger. Politiet meiner valden førte til omfattande hovudskade, slik at ho døydde.

Kvinne funnen død i Molde.

TO ÅSTADAR: Etter å ha drepe kona si drog mannen vidare og gjekk til angrep på ein mann i ein anna bustad i Molde.

Foto: Raymond Brunvold

Han skal også ha forsøkt å drepe ein far og ein son rett etterpå. Sonen blei alvorleg skadd i hendinga, og var innlagt på St. Olavs hospital i Trondheim i ei lengre periode. Sonen skal ha fått fleire skader i ettertid av valden.

Mannen er også tiltalt for vald mot ein tredje person i huset.

Ifølgje tiltalen har mannen brukt grov vald mot fleire av offera sine. Politiet stadfestar at han har brukt ei vektstong både hos kona si, og hos familien der han skal ha gått til angrep kort tid etter.

Politiet trur at mannen har gjennomført både drapet og drapsforsøka over ei periode på rundt 15 minutt.

– Alvorleg sak

Statsadvokat Inger Myklebust seier ho ikkje vil seie noko om kva politiet meiner har vore motivet for drapet og valden.

Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad

ALVORLEG: Statsadvokat Inger Myklebust seier det er ein svært alvorleg tiltale.

Foto: Ingrid Telset Heltne / NRK

Det er ein svært alvorleg tiltale. Det er ei kvinne som er drepen og i tillegg eit svært brutalt angrep på ein familie i Molde.

Kva meiner politiet motivet er?

Eg ønskjer ikkje å gå inn på det. Det vil påtalemakta føre bevis for i retten, seier Myklebust.

Rettssaka startar 10. mai i Møre og Romsdal tingrett. Det er behov for tolking under rettssaka og det er difor sett av 11 dagar til saka.

Saka har ei strafferamme på 21 år.

Erkjente ikkje straffskuld

Mannen i 20-åra har tidlegare forklart at han ikkje hugsar kva som skjedde og har ikkje erkjent straffskuld for drapet.

Roy Peder Kulblik

Roy Peder Kulblik er forsvararen til den tiltalte mannen.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Mannen sin forsvarar, Roy Peder Kulblik, seier at han ikkje har snakka med klienten sin etter at tiltalen blei klar. Han seier vidare at så langt han har forstått det, så har ikkje mannen endra syn med tanke på skuldspørsmålet for drapet.

Vidare seier Kulblik at tiltalen er svært alvorleg.

Saka er openbert ei tung belasting, ikkje berre for dei fornærma og dei pårørande, men også for tiltalte. Eg håper han er i stand til å gi ei forklaring under rettssaka, men han har så langt forklart at alt er svart og at han dessverre ikkje huskar noko frå hendingane, seier han.

Den tiltalte mannen har også tidlegare vore gjennom ei rettspsykiatrisk undersøking.

Les også: Mann i 20-åra vedgår ikkje straffskuld: – Han hugsar ingenting

Person funnet død i Molde.
Person funnet død i Molde.

Hadde eit felles barn

Ekteparet hadde eit barn saman, men politiet vil ikkje seie noko om barnet var til stades i huset under drapet.

Bistandsadvokat, Peter Kjergaard Engebjerg, seier at hans klient blir skjerma frå saka, så langt det let seg gjere, og godt varetatt av barnevernet.

– Eg konstaterer at det er ein svært alvorleg tiltale. Min klient er ikkje kjent med den og heller ikkje noko av det som er kome fram under etterforskinga, seier Engebjerg.

Kjent med tiltalen

Astrid Bolstad er bistandsadvokaten til familien som mannen i 20-åra er tiltalt for drapsforsøk på.

Ho seier at dei er kjent med tiltalen og tek den til etterretning.

Det vil også bli fremja eit erstatningskrav mot mannen.