Festivalen har Mankell som årets store trekkplaster, men han har meldt avbod av personlege årsaker.
Han kjem ikkje til å delta på forfattarkvelden på Vertshuset Bjørnson i Nesset, men her har festivalleiinga fått Karin Fossum til å stille i staden.
Han blir heller ikkje med på debatten "hvem styrer sanheten" i Teatret Vårt, og festivalsjef Gro Kvanvig seier dei jobbar med å finne ein erstattar også her.
Mankell kjem til å delta på opningsfestivalen i Bjørnsonhuset og forfattermøtet på torsdag.