MFK fekk tak i ein del fleire billettar enn dei hadde i utgangspunktet. Dermed ligg det an til å verte i underkant av 9000 MFK-tilhengarar på Ullevål søndag.
Det er om lag der publikumssnittet til Molde ligg i serien, seier Outzen senior. Han trur det vert ein massiv blå vegg som møter laga på landskamparenaen tidleg søndag ettermiddag.
Då NRK var på plass var det fleire som kom til for å sikre seg billettar til norsk fotballs største kamp kvart år. Cupfinalen har ein heilt spesiell plass i hjartet til dei norske folk, og ikkje minst folk frå Møre og Romsdal.
Cupmeisteren har kome frå Møre og Romsdal dei tre siste åra (2011: AaFK, 2012: Hødd og 2013: Molde FK). No kan MFK sikre fylket pokalen for fjerde året på rad.