Hopp til innhold

Straumkrise truar framtida for Geiranger

Om nokre år skal all trafikk på Geirangerfjorden skje med utsleppsfrie båtar. Men mangel på straum kan bli eit stort problem dersom bygda skal leve av turistar i framtida.

Geiranger

I fleire tiår har Geiranger vore eit mål for utanlandske og norske turistar. Kravet om ein grønare fjord har skapt ein utfordrande situasjon.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Koronapandemien er i ferd med å sleppe taket. I Geiranger kjem det eit jamt sig av turistar i bussar og i båtar som vil nyte den mektige vestlandsnaturen.

På fjorden flyt ein elbåt over bølgjene. Frank Ole Bonsaksen som styrer båten, viser stolt kor stille den kan gå. For turistane er det ein fryd å bli frakta ut på fjorden mellom stupbratte fjell. For nokre år sidan vile ein elbåt ha vore utenkjeleg her Men nå er det nye tider og krava er tøffe.

Men for dei som satsar på elbåtar er det eit stort problem. Det er ein skrikande mangel på straum i turistbygda. det truar framtida.

– Vi må kunne lade straum dersom vi skal køyre heilelektrisk på Geirangerfjorden. Dette må på plass, seier Bonsaksen.

Dramatisk situasjon

Kathrin Blomvik Bakken, daglig leder i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.

Dagleg leiar i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv Kathrin Blomvik Bakken ber om draghjelp for å løyse straumkrisa i Geiranger.

Foto: Trond Vestre / NRK

Geirangerfjorden skal bli ein grønare fjord. Frå 2026 skal all trafikk i verdsarvfjordane skje med båtar som er utsleppsfrie. For dei som driv med turisme blir det ein ny og annleis kvardag. Dagleg leiar i verdsarvstiftinga Kathrin Blomvik Bakken meiner det er eit godt vedtak som Stortinget har gjort.

Det kan bety i framtida at dei store cruisebåtane må stoppe lenger ut i fjorden medan mindre og utsleppsfrie båtar fraktar turistane vidare inn til Geiranger.

Men det krev tilgang på straum, og mangelen på straum er dramatisk. No hastar det og Geiranger må ha draghjelp for å løyse problemet. Det er framtida som står på spel.

– Dette får store konsekvensar. Vi må ha straum inn til Geiranger dersom vi skal ha elektriske båtar, og vi må ha straum for å kunne lade bussar i framtida. No må vi ha hjelp frå regjeringa. Vi treng pengar og vi treng ein omstillingspakke.

Fleire løysingar

Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad

Ordføraren i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad (Sp) seier det kan bli krevjande å finne ei løysinga.

Foto: Frode Berg / NRK

Men det er ikkje berre å knipse med fingrane og så kjem det meir straum. I dag får Geiranger straum frå Tafjord som ligg på andre sida av fjellet. Ei løysing kan bli meir straum og fleire kraftliner frå Tafjord. Men det kan kome i konflikt med krava til eit verdsarvområde.

Ei anna løysing kan vere sjøkabel frå Hellesylt som ligg lenger ut i fjorden. Men også Hellesylt manglar straum og er avhengig av at det blir bygd ei ny line sørover til Nordfjord.

Eit nytt hydrogenanlegg på Hellesylt kan og vere ei løysing, men førebels veit vi for lite, seier ordføraren i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad (Sp).

– Det er ingen «quick fix». Det er krevjande, men skal vi klare det grøne skiftet må vi ha ei løysing på dette. Og vi er avhengig av at regjeringa bidrar.

Stortingsrepresentantene Helge Orten (H) og Liv Kari Eskeland (H) på båttur på Geirangerfjorden.

Stortingspolitikarane Helge Orten (H) og Liv Kari Eskeland (H) blei konfrontert med utfordringane i Geiranger.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ein halv milliard kroner

Og det er ikkje småpengar det er snakk om. Prislappen kan kome på kring ein halv milliard kroner. Fire stortingspolitikarar frå Høgre er i Geiranger for å bli informert om situasjonen. På veg inn valkampen skjønar dei at turistbygda må ha svar. Dei lovar å ta saka vidare til regjeringa.

– Denne utfordringa er vi berre nøydde til å løyse. Tilgang på straum er heilt avgjerande for å få til elektrifisering. Det betyr og at vi må leggje pengar på bordet. Dette er eit problem som er felles for heile kysten, seier stortingspolitikar Liv Kari Eskeland.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL