Hopp til innhold

Skadd rådyr gjekk vekesvis på berre beinstubben

Ettersøksjeger Dag Bjerkestrand trur så mange som halvparten av alle viltpåkøyrsler aldri blir varsla. Nyleg avliva han eit rådyr som gjekk vekevis på berre beinstubben.

Skadd rådyr i ettersøk, trolig påkjørt

GJEKK PÅ BEINSTUBBEN: Førre veke fann og avliva Dag Bjerkestrand eit rådyr med to svært skada bakbein. – Dyret kunne knapt gå.

Foto: Dag Bjerkestrand / Averøy kommune

– Du klarar eigentleg ikkje å førestille deg korleis dyret har hatt det, seier ettersøksjeger Dag Bjerkestrand i Averøy kommune på Nordmøre.

Førre veke rykte han ut til eit rådyr som låg skadd i veggrøfta, sør på øya. Det var ein tilfeldig bilist som fekk auge på dyret, som kraup inn i skogen då ho prøvde å sjå etter det.

Det tok ikkje lang tid for Bjerkestrand og hunden å finne og avlive dyret. Begge bakbeina hadde store skadar og rådyret kunne knapt gå.

– Den eine bakfoten var brekt og hadde ein beinstubb som stod ut. Rådyret hadde gått så lenge på foten at beinstubben var nedsliten og avrunda, seier Bjerkestrand.

Bjerkestrand trur rådyret har gått rundt slik i éin eller fleire månader. Han er heilt overtydd om at det må ha vore ei viltpåkøyrsel som ingen har meldt frå om, fordi skadane var så omfattande.

Dag Bjerkestrand

Dag Bjerkestrand har jobba som ettersøksjeger i 25 år, dei siste åtte i Averøy kommune. Der er han også skogbrukssjef og miljøvernleiar.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Vil gjere regelverket tydelegare

Kari Bjørneraas i Miljødirektoratet seier dei ikkje har noko oversyn over kor utbreitt det er å stikke frå dyrepåkøyrsler, men får meldingar om at det er ei utfordring.

– Vi ser framleis at det er eit større behov for kommunikasjon rundt kva ein skal gjere etter ein påkøyrsel, seier Bjørneraas.

Skadde rådyrbein, trolig påkjørt

Rådyret hadde brekt bakfot så beinstubben stakk ut. Stubben var utsliten og avrunda. Den andre bakfoten hadde opent sår og haseleddet var betent.

Foto: Dag Bjerkestrand / Averøy kommune

Ho meiner også at regelverket rundt varsling ved trafikkuhell er uklart når det gjeld dyr. Direktoratet har begynt å sjå på om dei kan gjere regelverket meir tydeleg, med god rettleiing på tvers av etatane.

Trur halvparten aldri blir meldt

Det er ikkje straffbart å køyre på eit vilt dyr ved eit uhell, men ein skal melde inn til politiet på 02800 eller kommunen. Også dersom dyret flyktar til skogs.

Over 11.000 tilfelle av påkøyrd vilt er meldt inn i løpet av 2020 hittil i Noreg. 7100 av dei har døydd eller blitt avliva.

Det er nær umogleg å fastslå kor mange som ikkje melder frå, men Bjerkestrand trur talet kan vere svært høgt. Kanskje blir så mange som halvparten av alle viltpåkøyrsler aldri meldt inn. Det er det magekjensla hans seier.

– Vi ser at det ganske ofte er andre folk enn dei som sit i den aktuelle bilen som varslar, seier Bjerkestrand.

Operasjonsleder John Trygve Bratland

John Bratland er operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Politiet

Politiet i Møre og Romsdal loggførar alle viltpåkøyrsler som blir ringt inn til dei. Men etter det operasjonsleiar John Bratland kjenner til, blir ikkje dei tilfella der andre melder inn om dyr langs vegen, ettergått.

– Det er nok ei oppgåve som eg trur aldri har blitt prioritert. Det å opprette sak, og undersøke om dette er nokon som har køyrt på og stukke eller ikkje, seier Bratland.

Se opp for løpende elg-skilt i Lierne

Mange stader er det sett opp fareskilt for kryssande storvilt. Dei siste tre månadane i året er det høgsesong for viltpåkøyrsler.

Foto: Bengt Steinar Nordbakk

Folk blir rådville

Ettersøksjeger Bjerkestrand trur det er fleire årsaker til at folk ikkje melder frå. Det eine er at folk ikkje bryr seg, det er det verre å gjere noko med. Det andre er at folk ikkje veit kva dei skal gjere i ei slik situasjon.

– Eg har spurt ganske mange ferske sjåførar om kva dei trur må gjerast. Då svarer dei at «Nei det veit vi ikkje, det har vi ikkje lært noko om».

Pål Andersen - ATL

Pål Andersen er fagkonsulent i Autoriserte trafikkskolers landsforbund.

Foto: Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund / ATL

Men kva ein skal gjere når ein køyrer på dyr er med i læreplanen i køyreopplæringa, ifølgje fagkonsulent Pål Andersen i Autoriserte trafikkskolers landsforbund. I tillegg til at det er eit tema under trafikalt grunnkurs, er han også ganske sikker på at dei aller fleste trafikklærarar tar opp dette under sikkerheitskurs på veg.

– Det handlar om risiko i trafikken, og då er viltpåkøyrsler ein vesentleg del av risikoen når ein køyrer i Noreg. Men så er det kva ein hugsar i ettertid, seier Andersen.