Hopp til innhold

Mat skal stoppe dyre­tragediar

Kvar vinter blir hundrevis av elgar og rådyr påkøyrd av toget. Matstasjonar er eit forsøk på å hindre dette.

Kjell Bakken forer elg

ELGFÔRING: Kjell Bakken besøker fôringsplassane ved Gjøvikbanen dagleg. Høy og gulrøter frys til, så han må bruke øks for å løyse opp maten. Rådyra likar også den gode lukta av høy som spreier seg.

Foto: Reidar Gregersen

Påkøyrslar kan føre til store lidingar hos dyra og ofte endar det i død. I tillegg gir det vonde opplevingar for lokførarane. Difor har Bane Nor og Vy Gjøvikbanen valt å spleise på eit forsøk der dei legg ut fôr til viltet, i trekkruta til elgen, nært jernbana.

Tanken er at dyra stoppar på fôringsplassen og ikkje går vidare over jernbanen.

Teknisk sjef for VY Gjøvikbanen Leif Asbjørn Seegård er også tidlegare lokførar, og han veit korleis det kjennest å møte på elg.

– Det er ikkje hyggeleg når du kjem rundt ein sving og ser elgen. Du har ikkje sjanse om å stoppe. Du veit det går gale viss han ikkje gjer ein krumspring og hoppar ut. Om du treff den skikkeleg er det ikkje meir å sjå etter, diverre.

Langs Gjøvikbanen, som går frå Oslo til Gjøvik i Innlandet, har 207 elg og rådyr blitt drepne eller avliva sidan 2007. I tillegg har rundt 10 elgar forsvunne etter påkøyrslar.

Leif Asbjørn Seegård, teknisk sjef VY Gjøvikbanen

Leif Asbjørn Seegård, som er teknisk sjef i VY Gjøvikbanen, fortel det er eit stort ønske å sette ein stoppar for dei mange dyretragediane. Han har sjølv vore lokførar og veit kor tøft det er å køyre på elg eller rådyr.

Foto: Reidar Gregersen

Eigentleg forbode

I Noreg vart til saman 621 elgar og 313 rådyr køyrd på av toget i 2022–2023, syner tal frå SSB. Med slike tal som bakgrunn fekk prosjektleiar Kjell Bakken og Seegaard søkt om å gjennomføre matprosjektet.

På vegner av Bane Nor og Vy Gjøvikbanen søkte dei Mattilsynet om lov til å opprette fire fôringsplassar nært jernbanen. Tanken er at dyra stoppar ved maten og ikkje trekker vidare ned mot togskjenene.

Det var ikkje opplagt at dei fekk ja. I utgangspunktet er det forbod mot å legge ut fôr til hjortevilt. Det er for å hindre spreiing av den dødelege Skrantesjuka.

Men, svaret frå Mattilsynet var positivt. Dei gjer unntak frå hovudregelen fordi dette handlar om trafikktryggleik. Eitt krav er at fôringsplassane blir passa på og overvaka, så sjuke dyr kan blir oppdaga og avliva.

  • Les om Tor Fredriksen som var ute på biltur då han køyrde forbi eit uvanleg syn i skogkanten, nemleg ein kvit elg.

Best for rådyra

Prosjektleiar Kjell Bakken sørger for at det er lagt ut friskt høy og gulrøter til dyra. Han høgg laus på haugen for å få losna på det frose fôret, så det blir lettare for dyra å ete.

– Dyra liker godt lukta av høy, da trekker dei hit. Difor må eg også fylle på friskt ofte, seier Bakken.

Det har vore ein snørik vinter og han synest han kom litt seint i gang med prosjektet. Men nå koser i alle fall rådyra seg med maten.

– Så langt har nok dei meir sans for kosten enn elgen, seier Bakken.

Om vinteren føretrekker elgen å ete kvistar frå bjørk og furu, altså mat som heng høgt.

Gulerøter til elgen blir hogd laus

Gulrot er godt for rådyr. Elgen er litt meir skeptisk. Håpet er at den også skal forsyne seg av foret.

Foto: Reidar Gregersen

Hekta på viltkamera

For å kunne følge med kva som skjer på fôringsplassen, har Bakken montert viltkamera.

Dei kan han følge med på døgnet rundt på mobilen sin. Tekstmeldingar tikkar stadig inn med bilete av rådyr som kjem til matstasjonen gong etter gong.

Viltkamera sender bilete til mobilen til Kjell Bakken. Biletet viser rådyr som forsyner seg av ein matstasjon.

Kjell Bakken kan følge rådyra og elgen på mobilen sin døgnet rundt.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

– Det er ei glede sjå kva som er der. Det er berre å skru på og sjå kva det er. Eg søv nesten ikkje om natta fordi eg høyrer lydane, seier Bakken.

– Det er veldig interessant. Eg har vorte skikkeleg gira av dette, seier han.

Det endelege resultatet får han først i mai. Mattilsynet krev at fôringa stoppar når snøen går. Da må fôringsplassen også ryddast heilt opp.

Viltkamera har fanga opp at mellom anna to rådyr et mat på matstasjonen som er plassert ut for å unngå at tog køyrer på vilt.

Rådyra liker maten som blir lagt ut best. Elgen er meir skeptisk, den liker betre greiner frå bjørk og furu. Håpet er at den også skal få smaken på høy og gulrøter.

Foto: Kjell Bakken / Viltkamera

Verdt prisen

I Bane Nor er driftskoordinator Guttorm Moss nøgd med at det blir prøvd ut matstasjonar for å hindre at toget køyrer på hjortevilt om vinteren. Det er i alle fall eit billeg alternativ.

– Vi kan ikkje gjerde inn heile jernbanelina. Og vi har ikkje råd til å bygge overgangar eller undergangar der dyra trekker. Så dette er det beste alternativet, seier Moss.

Teknisk sjef på Gjøvikbanen, Seegaard stadfestar at prosjektet kostar.

– Det er verdt pengane slik vi ser det i dag, seier han.

Til våren skal det lagast ein rapport der prøveprosjektet blir evaluert. Enn så lenge er prosjektleiar Kjell Bakken positiv.

– Dette er eit kjempetiltak som Bane Nor og Vy har sett i gang.