– Han er meir kjent i utlandet enn kongen og statsministeren. Det må kvalifisere til ein eigen statue.
Kristiansunds-mannen Ole Tønder er ikkje i tvil om at den 48 år gamle Manchester United-manageren kan forsvare ein plass på sokkel i heimbyen.
BYKAMP: I norsk fotball er Ole Gunnar Solskjær nært knytt til Molde, men statuen skal opp i heimbyen Kristiansund.
Foto: Roar Strøm / NRKPå nettet har det vore heite diskusjonar. Nokre meiner at statuen burde stå i Molde. Det var der Solskjær briljerte både som spelar og trenar.
Men planen er at statuen skal stå sentralt på det nye campusområdet i Kristiansund.
Statuen er ferdiglaga av kunstnaren Tore Bjørn Skjølsvik. Det einaste som står att er finansieringa.
430 000 kroner er samla inn hos fotballglade nordmøringar, bedrifter og bankar. No treng dei å samle inn 220 000 kroner til, helst frå privatpersonar, om dette skal bli ei folkegåve.
ANNONSEKAMPANJE: I avisa Tidens Krav ber Ole Tønder folk om å gi pengar til statuen.
Foto: Tore Ellingseter / NRKKan bli turistattraksjon
Initiativtakaren Ole Tønder er United-fan, og seier at han har reist ein del.
– Over alt kjenner folk til Solskjær-namnet. Ingen er så kjent som han.
INITIATIVTAKAR: Ole Tønder manglar 220 000 kroner for å kunne få på plass statuen i Kristiansund.
– Dette blir endå ein god grunn til å besøke Kristiansund. No får Klippfiskkjerringa knallhard konkurranse, seier han, og viser til den kjente statuen på kaia i Kristiansund i dag.
Står med full kontroll
Det er mange idrettsfolk som har enda opp på sokkel, også i levande live. 40-åringen John Arne Riise har fått sin plass med foten på ballen utanfor stadion i Ålesund.
– Vi har ein annan stil. Vi ville at Ole Gunnar skulle stå litt med hendene i kors, med full kontroll, seier Ole Tønder.
VERDSKJENT PROFIL: Ole Gunnar Solskjær kan hamne på sokkel før han fyller femti.
Foto: Svein LindinNo tikkar det inn små og store beløp på kontoen.
– Men kunne det ikkje vore aktuelt at kommunen eller reiselivet betalte det resterande for å få på plass statuen?
– Ordføraren har så mykje å styre med. Eg syns det er finast om dette blir ei gåve frå folket.