Berre 70 prosent av kvinnene som har fått tilbod om mammografi-undersøking ved sjukehus her i fylket, har til no nytta seg av tilbodet.
Anne Kari Andersen ved kreftavdelinga i Ålesund meiner dette skuldast lang reiseavstand til sjukehuset.
Ho håper mammografi-bussen som no kjem til Nordmøre betrar frammøte-statistikken.
Dårlege tal
Alle kvinner mellom 50 og 69 år får no tilbod om røntgenundersøking av brysta for å kunne avdekke kreft på eit tidleg stadium. Oppmøte-tala til no har vore nedslåande i fylket vårt, 10 prosent under landssnittet. Og det er på Nordmøre at færrast tek turen for bli undersøkt. Difor skal ein eigen mammografi-buss no innom Rindal, Smøla og Aure slik at kvinnene der slepp å ta seg fri ein heil arbeidsdag for å dra på sjukehus.
Anne Grete Rørstad i Ålesund er sjølv brystkreftoperert og er i dag med i Foreningen for brystkreftopererte. Ho oppmodar no medsøstrene sine til å ta kreftfaren på alvor, og nytte seg av tilbodet som no kjem på hjul.