Hopp til innhold

Måltjuv vil spele meir

Etter sigersscoringa i går håper 21 år gamle Rune Ertsås på meir speletid i MFK-trøya

Rune Ertsås, MFK
Foto: Roar Strøm / NRK

Ertsås scora det einaste målet då MFK slo Lyn 1-0 på Ullevål i går. Eit flott angrep vart avslutta med ei velplassert heading frå trønderen som nesten ikkje har fått tillit på topp i MFK-angrepet.

Ertsås fekk sjansen søndag etter at Magne Hoseth måtte trekke seg på grunn av sjukdom. På treninga måndag var Hoseth heller ikkje å sjå. Han var framleis sjuk.

Rune Ertsås derimot kunne sole seg i alle dei gode tilbakemeldingane han fekk både frå lagkameratane sine og frå stadionkiosken der leiaren for supporterklubben, Eva Brit Mauseth, gliste frå øyre til øyre då Ertsås dukka opp måndag ettermiddag.

Tre frå start

I fjor spelte Rune Ertsås berre tre kampar frå start av, medan han var innbyttar i eit titals kampar. Han trur det er muleg å få spele meir i år, sjøl om konkurransen på topp er tøff med spelarar som Jose Mota, Magne Hoseth og Mame Biram Diouf.

Ikkje førsteval

Trenar Kjell Jonevret seier at Ertsås ikkje har vore eit førsteval, men at dei andre spissane ikkje skal føle seg for trygge dersom Ertsås held fram med å overbevise. I tillegg til å verte matchvinnar i går laga Ertsås det einaste målet også i generalprøva då Molde slo AaFK 1-0 på heimebane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL