NRK Meny

Stipend til feite rim

Kvar gong han opnar kjeften kjem det ein hit. Det blir rock 'n roll kvar gong han rauta. Respekten er stor som ein tjue tonns bauta. No får Runar Gudnason i rap-gruppa «Side Brok» stipend frå Noregs Mållag.

Runar Gudnason
Foto: Pressefoto / Noregs Mållag

Artikkelen er flere år gammel.

Stipendet er på 50 000 kroner. Pengane kjem frå Kulturdepartementet og skal brukast til å fremje nynorsken.

Rappelyrikkens poetikk

Runar Gudnason skal skrive og redigere ein rappelyrikkens poetikk, ein antologi over breidda og mangfaldet i den norske hip-hopkulturen. I søknaden skriv Runar Gudnason at det ikkje finst brukande bøker på dette området så "kvifor kan ikkje nynorsk like godt ta leiinga på dette feltet?" Runar Gudnason får stipend for arbeidet med å skriftfeste soga og skrive om framtida til hip-hopen.

Multimedieprosjekt

Også Maria Tryti Vennerød får stipend. Ho skal skrive teksten til multimedieprosjektet "Visitt" som vert produsert av komponist Julian Skar og koreograf Ingeleiv Berstad.

Maria Tryti Vennerød

Maria Tryti Vennerød.

Foto: Pressefoto / Noregs Mållag

- Nynorsk treng å bli brukt, av alle, på alle stader og til alle tider. Nynorsk har vunne rom på stendig fleire område i samfunnet, og støtt har nynorsk vore ein del av avantgarden, heilt frå Vinjes "Dølen" og i dag Maria Tryti Vennererøds "Visitt", sa Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, ved utdelinga av stipendet.

Siste video/lyd

Reiarlaget til reketrålaren Remøy, som ligg i arrest i Murmansk informerer om situasjonen.
Korleis er det å bli eldre i Noreg i dag, og korleis vil det vere dei neste 20 åra? Det var tema på landskonferansen for fylkeskommunale eldreråd.
Stor forrvirring etter at den helsepolitiske talskvinna i Senterpartiet sa at ho vil behalde sjukehuset i Kristiansund...