Hopp til innhold

Side Brok: ny plate og film

Side Brok er aktuelle med albumet "Ekte menn" som kjem ut i slutten av april.

Runar Gudnason

Runar Gudnason, alias Sjef R og Thorstein Hyl III

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Førstkommande fredag slepper hip-hop-bandet frå Hovdebygda i Ørsta den første singelen frå plata: "Heile handa". Den kan lastast ned gratis frå NRK Urørt og heimesida til gruppa.

Kvar skapet skal stå

No er det fem år sidan Side Brok blei utropt som vinnar av "Årets urørt" (P3) under Bylarm i Bergen. Under same Bylarm fekk dei VG-prisen for beste live-framføring.

- Vi er jo både vaksne og ekte menn, og når den vanskelege 36 og eit halvt års-krisa sette inn, måtte vi lage ei ny plate for å minne oss sjølve om kvar skapet skal stå. Og det er sånn cirka her, seier tekstforfattar og rappar Runar Gudnason til seg sjølv.

Heimegutar

Forutan singel og album kjem om ikkje lenge dokumentarfilmen Heimegutar. Filmen følgjer Side Brok heilt frå innspelinga av den første fulle CD-en "Høge Brelle" (2004) og fram til i dag.

Filmen har festivalpremiere til våren, og skal seinare visast på NRK.

Sjå også:

sidebrok.no

NRK Urørt

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL