Hopp til innhold

Sigurd må ta pause i fengselssoninga – fryktar han må utsette utdanninga

Sigurd Sundklakk (24) må avbryte fengselssoninga på grunn av korona-utbrotet. No fryktar han at han ikkje rekk skulestart i haust.

Sigurd Sundklakk

HAR KLAGA: Sigurd Sundklakk har klaga på at han får avbrot i soninga med strenge reglar om å halde seg heime.

Foto: John Kristian Sundklakk

Sigurd Sundklakk frå Ålesund er dømd for bedrageri han utførte etter å ha opparbeidd seg stor gjeld hos mange utanlandske speleselskap.

Sundklakk har vore open om historia si mellom anna i dokumentaren Spilleren og på sin eigen blogg.

Kunne rekke studiestart

Sundklakk er dømd til 9 månader i fengsel, og med dagens regelverk hadde han eit håp om å få komme ut og starte på ei ny utdanning med fotlenkesoning til hausten.

Utdanninga som sjukepleiar fekk han ikkje fullføre, som ein konsekvens av speleavhengnad og lovbrota han utførte.

Sigurd Sundklakk

Sigurd Sundklakk er no heime, med strenge reglar for når han kan gå ut.

Foto: privat

Og no kan korona-utbrotet også sette ein stoppar for planane om ein ny start til hausten.

Tysdag fekk han og fleire andre innsette ved Hustad fengsel beskjed om å avbryte soninga i 30 dagar, med strenge restriksjonar i heimen medan avbrotet held på.

I vedtaket står det at straffeavbrotet er innvilga – men Sundklakk har aldri søkt om straffeavbrot.

– Det var rundt ti personar ved Hustad fengsel som tysdag kveld fekk beskjed om at vi skulle heim. Det var ganske absurd at dei plutseleg kasta folk på dør, medan andre blei igjen, fortel han.

Sundklakk seier at alle han snakka med ved fengselet ikkje ville ha straffeavbrot, fordi det øydelegg så mykje for resten av livet dei skal leve.

Forstår at tiltak må til

I vedtaket frå Hustad fengsel står det mellom anna:

«Hustad fengsel har i samråd med region vest kommet til at det skal innvilges straffeavbrudd på grunnlag av plass- og bemanningssituasjonen i fengselet som følge av Covid-19 viruset.»

Hustad fengsel

Hustad fengsel i Møre og Romsdal

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Sigurd Sundklakk kan no berre forlate huset om han skal handle, eller blir sjuk og treng helsehjelp. Frå 20–0600 må han vere inne uansett.

– Men dette er ein ekstraordinær situasjon, og det er mange som må vere inne no. Har du ikkje forståing for at korona-utbrotet kan gi slike konsekvensar?

– Jo, det forstår eg. Og eg forstår at vi måtte reise heim, men då tenker eg at vi som får soningsavbrot må følge same reglane som Folkehelseinstituttet gir til andre, ellers blir dette som ei dobbelstraff, seier han.

Han har no klaga på vedtaket.

Har ikkje tal på kor mange dette gjeld

Kriminalomsorgsdirektoratet seier at opplysninger om domfelte og innsatte er underlagt lovbestemt taushetsplikt, og at dei difor ikkje vil uttale seg om enkeltsaker.

Fengselsleiar Frode Erlandsen seier til TV2 at terskelen for å innvilge eit slikt avbrot er svært høg, men at den er nådd på grunn av covid-19. Han vil ikkje kommentere Sundklakk si sak isolert.

Tvungen pause i soninga som dette er eit av tiltaka Kriminalomsorgsdirektoratet har sett i verk for å hindre smittespreiing i fengsel. Måndag sende også Kriminalomsorgen ut eit rundskriv , der det går fram at innsette med kortare dommar kan bli sett fri 10–30 dagar før dei er ferdige å sone for å hindre smittespreiing. Dei vil berre bli sett fri dersom det er tilrådeleg etter ei tryggleiksvurdering.

Kriminalomsorgsdirektoratet skriv i ein e-post til NRK at dei førebels ikkje har tal på kor mange som er blitt sett fri etter dette rundskrivet blei sendt ut.