
Finn Haugan
Haugan seier det verkar som om oppseiingane er ein bevisst strategi frå Sparebanken Møre si side for å prøve å skade Romsdals Fellesbank og dei nye eigarane av banken.
– Vi kjem sjølvsagt til å gjere alt som står i vår makt for at den strategien skal mislukkast, seier Haugan.

Bodil Hollingsæter
Sju oppseiingar
I går ga ein ny leiar i Romsdals Fellesbank beskjed om at ho sluttar og går over til Sparebanken Møre. Bodil Hollingsæter går frå stillinga som banksjef i økonomi og finans. På kort tid har dermed sju av leiarane sagt opp etter at SpareBank 1 Midt-Norge overtok Romsdals Fellesbank.
– Har arbeidsplikt
Men det blir altså endå ei stund før dei kan pakke saman og flytte over gata til Sparebanken Møre. For SpareBank 1 Midt-Norge køyrer ei knallhard line. Dei som har sagt opp må gå oppseiingstida si fullt ut og har arbeidsplikt etter instruks frå den nye administrerande direktøren, seier Finn Haugan.
Kryssord og kabal
Kva dei tidlegare leiarane skal gjere dei neste seks månadene vil ikkje Haugan meine noko om, men det er heilt klart at det må bli ei endring i arbeidsoppgåvene i oppseiingstida.
NRK har snakka med ein av leiarane som har sagt opp. Den tilsette er svært overraska over at dei må gå ut oppseiingstida, og seier ironisk at det kan bli mykje kryssord og kabal framover.

Torill Ytreberg
– Uvanleg
Torill Ytreberg i NHO i Møre og Romsdal sier det er ein uvanleg praksis at leiarar som går over til ein konkurrent må bli verande i månadsvis før dei får skifte jobb.
– Vanleg praksis er at ein faktisk må gå på dagen, sjølv om ein kanskje må vente ut oppseiingstida før ein får byrje i ny jobb, seier Ytreberg.