Hopp til innhold

Dømd til fengsel i 3,5 år etter overgrep mot 16-åring

Ein mann frå Romsdal må i fengsel i tre år og seks månader etter å ha forgripe seg seksuelt på ei 16 år gamal jente etter ein fest.

Frostating lagmannsrett

Ein mann i starten av 20-åra er dømt til tre år og seks månader fengsel etter eit seksuelt overgrep.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Ifølgje dommen var jenta så full at ho "slukna" rett etter at ho hadde blitt med den to år eldre guten heim igjen frå fest. Ho registrerte at han drog av henne kleda, men forklarte i retten at ho kjende det som om ho var i narkose.

Ifølgje retten var dette ein kombinasjon av at ho var rusa, svært trøytt og omtåka, og at ho fekk ein psykisk reaksjon på det som skjedde.

Retten har difor konkludert med at jenta utan tvil var i ein hjelpelaus tilstand, og ute av stand til å samtykke til samleie.

Sa "orsak" etterpå

I retten kom det fram at jenta fekk på seg kleda etter overgrepet, men at mannen først nekta å køyre henne heim. Ho var usikker på vegen, og fekk overtalt han, og då han sette henne av, sa han "orsak". Jenta oppfatta det slik at han ba om orsaking for at han utnytta tilstanden hennar til å ha samleie med henne.

Frikjend i tingretten

Saka kom første gong opp i Romsdal tingrett i august 2015, og 18-åringen blei då frikjent for forholdet. Han vart likevel dømt til å betale 120.000 kroner i oppreising til kvinna.

Påtalemyndigheita valde så å anke dommen, og saka kom opp i Frostating lagmannsrett i februar i år.

Der snudde retten, og no må mannen i fengsel i tre og eit halvt år.

Mannen har ikkje på noko tidspunkt vedgått overgrepet.