Hopp til innhold

– Vi treng både bustader og verjer til flyktningar

Kommunane må bu seg på å ta mot flyktningar på svært kort varsel. No skal kommunane rapportere om eventuelle ledige bustader.

Flyktninger Storskog

Flyktningane som kjem over grensa frå Russland kjem gjerne på sykkel. No trengst det bustader, etter kvart som flyktningane skal plasserast i kommunane.

Foto: Tore Meek, Meek, Tore / NTB scanpix

Flyktningstraumen inn til Noreg ser ikkje ut til å minke. Og det er eit akutt behov for stader å innlosjere flyktningane. No skal kommunane og fylkesberedskapsavdelinga lage eit oversyn over stader der det er mogleg å innlosjere flyktningane.

Stine Sætre

Stine Sætre er beredskapssjef i Møre og Romsdal.-

Foto: Roar Strøm / NRK
Helge Mogstad

Helge Mogstad er justis- og beredskapsdirektør i Møre og Romsdal.

Foto: Roar Strøm / NRK

Vi held på med å lage denne oversikta no. Alle kommunane skal rapportere inn til oss, seier fylkesberedskapssjef Stine Sætre.

– Må skje raskt

Dette arbeidet skal vere ferdig mot slutten av veka.

Vi er ute etter lokale som kan takast i bruk ganske raskt. Det kan vere nedlagde aldersheimar eller for eksempel skular med innkvartering.

Dette gjeld altså lokale som kan setjast i stand til mellombels bustader på relativt kort tid, og som kan nyttast til akuttmottak.

Til saman 200 mindreårige

Samstundes kjem det mange mindreårige flyktningar. Det er rekna med at Møre og Romsdal skal ta imot 70 mindreårige. Desse treng også verje. No bed Justis- og beredkspsdirektør Helge Mogstad folk om å stille opp. Det er særleg på Sunndalsøra og i Volda det trengst nye verjer.

Vi opprettar nye mottaksplassar på Sunndalsøra og i Volda, så behovet er ekstra stort det, seier Mogstad.

Med dei 70 nye mindreårige er det til samen 200 mindreårige asylsøkjarar ved asylmottak i Møre og Romsdal.

I tillegg til verjene for mindreårige er det også behov for ordinære verjer. Dette er verjer for vaksne med ein medisinsk diagnose som fører til at dei ikkje fullt ut er i stand til å ta i vare sine eigne interesser. Dette kan for eksempel vere psykisk utviklingshemming, demens, rus eller ulike psykiatriske diagnosar.

– Ekstraordinær situasjon

Til no har det ikkje vore spesielt vanskeleg å få tak i verjer. Men med den situasjonen som er no, ser beredskapsdirektøren at det kan bli ei større utfordring enn nokon gong.

Vi er i ein ekstraordinær situasjon. Med auken i tilstrøyminga av utanlandske statsborgarar ser vi at det blir ei ekstra stor utfordring denne gongen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL