Hopp til innhold

Må finne plass til 100 seglskuter i Ålesund

Mellom 80 og 100 store seglskuter kjem til Ålesund neste sommar, og den største utfordringa blir å finne kaiplass til alle.

Christian Radich

Seglskuta Christian Radich er ein av dei flottaste fullriggarane i verda, og har vore innom Ålesund mange gonger.

Foto: SCANPIX DENMARK / Reuters

Havnekaptein Ålesund havn Anders Bjørdal

Anders Bjørdal, hamnekaptein i Ålesund hamn.

Foto: Torild Øvrelid / NRK
Knut Western styreformann Tall Ships Races Europe

Styreformann i Tall Ships Races Europe, Knut Western.

Foto: Torild Øvrelid / NRK
Prosjektleder Tall Ships Races Ålesund Albert E. Gjørtz

Prosjektleiar i Tall Ships Races Ålesund, Albert E. Gjørtz.

Foto: Torild Øvrelid / NRK
Cuytty Sark Tall Ships Races i Ålesund 2001.

Her er seglskuta Cutty Sark i Tall Ships Races i Ålesund 2001.

Foto: NRK

Ålesund er vertshamn for Tall Ships Races frå 15. til 18. juli i 2015. Hamnekapasitet er tema når Ålesund førebur regattaen. Tysdag var folk i den europeiske arrangementskomiteen på synfaring i byen.

Vil pusle saman ein plan

Store seglskuter kjem til Ålesund i tre dagar neste sommar. Men hamnekaptein, Anders Bjørdal, ser at det kan bli litt av eit puslespel å få plass til alle skutene. Likevel trur han at det går greitt så lenge dei har ein god plan.

– Største utfordringa for vår del er å få kabalen med fortøying til å gå opp. Båtane kjem til forskjellige tider, og vi må leggje ein plan til grunn som vi må følgje til punkt og prikke, seier Bjørdal.

Han legg til at det vert heilt sikkert justeringar undervegs.

– Gjekk bra i 2001

Knut Western, styreformann i Tall Ships Races i Europa, trur òg at Ålesund står ovafor ei utfordring.

– Det er klart at dette vert utfordrande for hamnesjefen som skal stable alle skutene på plass, men det gjekk veldig bra førre gong Ålesund var vertar, seier Western.

Ålesund var vertsby i 2001, og den gongen gjekk det greitt. Sidan den gong har Ålesund har fått mange kaimeter i tillegg. Western meiner at hamna i Ålesund er perfekt for Tall Ships.

– Det er enkelt å kome til i hamna, og det er godt med kaimeter, seier styreformannen.

Kostbart arrangement

Tall Ships Races i Ålesund kjem til å koste om lag 15 millionar kroner. 1,5 million kjem frå Ålesund kommune. Albert E. Gjørtz, prosjektleiar for regattaen, meiner at ungdommen er dei som får mest nytte av arrangementet.

– Vi har velvillige sponsorar som ser nytta og potensialet i prosjektet, og no er det berre planlegginga av detaljane som står att, seier Gjørtz.

Regattaen startar i Irland

Sjølve regattaen har sin første dag i Belfast 2. juli, skriv Tall Ships Races Ålesund på sine sider. Regattaen går frå Belfast i Irland der det heile startar torsdag 2. juli med avreise søndag 5. juli over Nordsjøen.

Ålesund er målet for "Race 1". Her skal arrangementet gå føre seg frå onsdag 15. juli til laurdag 18. juli. Dei raskaste skipa kan kome litt før.

Skipa seglar vidare laurdag 18. juli for å segle "Cruise-in-Company" ned til Kristiansand. I Kristiansand skal båtane vere til 25. juli og blir liggande til tysdag 28. juli. Då går turen over til Aalborg i Danmark i form av "Race 2".

Tall Ships Race i Ålesund 2015 er eit samarbeidsprosjekt mellom Ålesund kommune, Ålesundregionens Hamnevesen, Aalesunds Handelsforening og næringslivet i Ålesund og på Sunnmøre.

Tall Ships Races Ålesund har fått fotograf Stig Rekdal til å setje saman bilete av Ålesund over fleire årstider.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL