Hopp til innhold

Må betale 320.000 for å ha vraka bilen i fylla

Ein 20-åring frå Sula køyrde med promille og totalvraka bilen. No må han betale tilbake over 300.000 kroner til forsikringsselskapet.

Dom i Borgarting Lagmannsrett.

Mannen frå Sula misser førarkortet i fire år.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Det var hausten 2015 at mannen hadde krangla med sin dåverande sambuar og bestemte seg for å ta seg ein køyretur sjølv om han hadde drukke alkohol. Tiltalte har forklart at han var svært deprimert etter krangelen. Han køyrde utfor vegen og i ein fjellvegg med foreldra sin bil. Mannen fekk ingen personskader, men bilen vart totalvraka.

I retten forklarte mannen at det ar ein kamerat som køyrde bilen, men retten festar ikkje lit til forklaringa hans.

Sunnmøre tingrett har dømt mannen til fengsel i 36 dagar og ei bot på 27.000 kroner. I tillegg må mannen betale 320.000 kroner i erstatning til forsikringsselskapet.

Mannen misser sertifikatet i fire år. Han er også dømd for promillekøyring seinare på året.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL