Må bruke hausten
Mange bedrifter må bruke dei komande månadene til å skaffe seg kunnskap om den nye pensjonsreforma, som inneber at dei skal ha ei ordning med tenestepensjon.
600 bedrifter
Romdals Fellesbank har gått gjennom kundemassen og har funne nesten 600 bedriftskundar, som ikkje har ei ordning og som no får tilbod om møte med banken
Vil møte leiing og tilsette
Salssjef Øystein Solli i Romsdals Fellesbank er tilsett for å bygge opp apparatet som banken skal bruke til å selje pensjonsforsikringar til kundane. Han seier dei må auke kunnskapen internt i banken til dette og så skal dei tilby kursing til bedriftene slik at dei kan velje kva ordning dei skal gå inn på.