Hopp til innhold

Lysbakken eller Holmås?

SV sitt fylkesårsmøte avgjer i helga om dei skal støtte Heikki Holmås eller Audun Lysbakken i kampen om leiarvervet i SV.

udun Lysbakken, Kristin Halvorsen og Heikki Holmås
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Fylkesleiar i SV i Møre og Romsdal, Oddrun Årflot, seier det er eit ope spørsmål om fylkesårsmøtet i morgon vil støtte Audun Lysbakken eller Heikki Holmås som ny leiar for partiet.

Oddrun Årflot
Foto: SV

-Eg trur det vert vanskeleg å spå utfallet av ei avrøysting. Det er mange i vårt fylke som liker Heikki Holmås, så det er ikkje usansyneleg at han kan nå fram. Dessutan har han besøkt svært mange kommunar i Møre og Romsdal, seier Årflot.

Støtta Lysbakken

Fylkesstyret i SV har tidlegare gått inn for Lysbakken.

Audun Lysbakken og Heikki Holmås etter duell om ledervervet i SV på Blindern

Holmås eller Lysbakken? Kampen om leiarvervet i SV hardnar til.

Foto: Amund Aune Nilsen / NRK

-Fylkesstyret meiner at Audun Lysbakken har mange gode politiske perspektiv og evner å sjå partiet seie rolle både historisk og i dag. Dessutan er Lysbakken spesielt oppteken av næringsliv og arbeidsliv, noko som vi i Møre og Romsdal SV set høgt, seier Årflot.

Det er landsmøte i SV som skal velje leiaren. Men representantane som sendast til landsmøtet blir bunde av avgjerda på fylkesårsmøte.

-Vi vil at delegatane på landsmøte skal avspegle avstemminga på fylkesårsmøte, Så på den måten blir det en binding, seier Årflot.