Hopp til innhold

– Det er nok unge, trendy og urbane leiarar i SV

Striden om nytt SV-styre handlar om ein kamp mellom by og land, meiner leiaren for Nord-Trøndelag SV.

SOSIALISTISK VENSTREPARTI SV

Trond Martin Sæterhaug i Nord-Trøndelag SV meiner at dei heitaste kandidatane for det nye SV-styret er for unge og urbane.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

– Eg meiner SV treng meir svart kaffi i partiet, og litt mindre kaffi latte. Eg har inntrykk av at det etter kvart er reist seg eit distrikskrav i partiet, seier leiaren i Nord-Trøndelag SV, Trond Martin Sæterhaug til NRK.

Etter at den profilerte SV-representanten Inga Marte Thorkildsen svarte ja til å bli nestleiar i SV, forventa mange einstemmig innstilling. Men måndag vart det klart at SV sin valkomité treng meir tid.

Valkomiteen slit

Inga Marte Thorkildsen

Inga Marte Thorkildsen bestemte seg måndag for å stille som ny nestleiarkandidat i SV.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

NRK kjenner til at komiteen slit med å vege omsyn til ein profilert og kjend politikar som Thorkildsen og krava frå distrikt-SV.

Leiar av valkomiteen, Tora Aasland, stadfesta overfor NRK.no måndag at det er tre til fire kandidatar som er aktuelle som nestleiar.

Valkomiteen har vore i kontakt med fleire kvinnelege distriktsprofilar, men Sæterhaug meiner valkomiteen ikkje berre må sjå til dei unge kvinnene i distriktet.

– Eg meiner me må ha inn ei vaksen dame. Me treng ein nestleiar som ikkje berre har gått politikarskulen. Inga Marte er ein god nestleiarkandidat, men kanskje litt for lik Audun Lysbakken og Heikki Holmås.

Foreslår 60 år gammal lærar

Kari Ystgård

Namsskogan-ordførar Kari Ystgård er skildra som ei SV-dame som kan vere motvekt til urban-SV i Oslo.

Foto: Privat

Sæterhaug meiner ei vaksen dame frå bygda vil vere den aller beste motvekta i SV til dei to mannlege leiarkandidatane. Sjølv om dei er godt likt, meiner han dei framstår som unge, trendye og urbane.

Han meiner det er fleire gode kandidatar, men trekk særleg fram éin. Kari Ystgård frå Namsskogan. Ho er 60 år gammal, og har vore lærar i 27 år før ho vart ordførar.

– Eg vil seie at Kari Ystgård kan bli vår tids Hanna Kvanmo i SV.

Ystgård svarar audmjukt når ho høyrer forslaget til partikameraten.

– Eg er eit heilt vanleg kvinnfolk frå Nord-Norge. Men det finnast mange slike kvinnfolk som meg rundt om.

Inga Marte Thorkildsen ønskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK.no.

AKTUELT NÅ