Hopp til innhold

Ferjeselskapa vil løyse kaiproblematikken

Ferjeselskapa vedgår at dei må samarbeida betre med Statens vegvesen for at fleire ferjer kan trafikkere fleire strekningar.

Fergelem på Festøya

GJEKK I SJØEN: Ferjelemmen på Festøy som skapte ferjetrøbbel førre onsdag.

Foto: Geir Egil Eiksund

Onsdag førre veke stoppa all trafikk på ruta Festøy – Solavåg på grunn av ein øydelagt ferjelem. All trafikk vart difor flytta over til strekninga Hareid–Sulesund.

Men problemet var ikkje løyst av den grunn. For det var ikkje mogleg å setje inn ei ekstraferje på strekninga fordi ferjene i dei to rutene har ulike ferjelemmar.

Må snakke saman

Ronny Vågsholm

VIL DELE INFORMASJON: Driftsansvarleg i Tide Sjø Ronny Vågsholm seier ferjeselskapa må dele informasjon om kva materiell dei har.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

No meiner ferjeselskapa sjølv at dei snakka meir i lag, og med Statens vegvesen.

– Det går på å fortelje kvarandre kva materiell me har tilgjengeleg i dei områda me opererer i, seier driftsansvarleg i Tide Sjø Ronny Vågsholm til NRK.

Onsdagen førre veke var problemet at ferjene til Tide Sjø mellom Hareid–Sulesund har kort fall-lem, medan Fjord1 MRF sine ferjer på strekninga Festøy–Solavåg har lang fall-lem.

På Hareid er det i tillegg eit langt gjerde som skil gåande frå køyrande. Det gjer at ferjer med lang fall-lem ikkje kan gå inn til ferjeleiet.

Lovar betring

Administrerande direktør i Fjord1 MRF Anker Grøvdal

TRUR PÅ LØYSING: Administrerande direktør i Fjord1 MRF Anker Grøvdal trur dei skal finne ut av problemet med ulike ferjelemmar.

Foto: Fjord1

Administrerande direktør i Fjord1 MRF Anker Grøvdal, seier ferjeselskapa og Statens vegvesen burde gjort ein jobb her.

– Det er greitt å vere etterpåklok, men me burde nok i fellesskap ha tenkt på at me burde ha ferjekaiar som kan ta imot begge type ferjer, seier Grøvdal.

Statens vegvesen skal nå ta ein gjennomgang av alle ferjestrekningane i fylket for å sjå om enkle tiltak kan gjere det lettare å setje inn reserveferjer når det blir problem på eit samband.

Ronny Vågsholm i Tide Sjø, meiner dei kan gjere meir.

– Det er dei som må utarbeide spesifikasjonane i anbodet for å få det endå betre tilpassa, det handlar berre om standardisering, seier han.

Vil ta tid å bygge om kaiane

Å bygge om alle ferjeleier til å passe gamle og nye, store og små, smale og breie ferjer vil vere ein økonomisk krevjande jobb.

Anker Grøvdal i Fjord1 MRF meiner eit slikt arbeid vil ta tid.

– Ein kan ikkje løyse dette på kort sikt. Men, der ferjetypane er like i storleik trur eg ikkje det skal vere store kostnader ved å legge til rette for å bruke begge ferjetypane. Det handlar om å tenkje gjennom lure løysingar, så er eg trygg på at Statens vegvesen finn gode løysingar på dette, seier Grøvdal.

Lang kø

LANG KØ: Det vart lange køar som følgje av ferjetrøbbelet. No vil reiarlaga samarbeide for å unngå slike situasjonar i framtida.

Foto: Brede Røsjø / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL