Hopp til innhold

Oppgitt over ferjetrøbbel

Transportbransjen i Møre og Romsdal er oppgitt etter ferjetrøbbelet i dag. I fleire timar i føremiddag var sambandet Festøy og Solavågen ute av drift på grunn av ein øydelagt ferjelem.

Lastebil, ferje.

Matrosane på ferjesambandet Festøya-Solevågen måtte forklare dei reisande at ferjesambandet var innstilt.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Dagrun Krakeli, distriktssjef i Norges Lastebileigarforbund i fylket, seier det betyr lange omvegar og at dei ikkje klarer å halde køyre- og kviletida si.

Sjå video:

Video Ferjetrøbbel

Mange reaksjonar

Reaksjonane frå medlemmene kom raskt i dag tidleg.

Dagrunn Krakeli

Dagunn Krakeli ber om eit møte med Vegvesenet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Frustrasjonen er veldig stor. Vi forstår driftsavbrot. Men i vår bransje må vi heile tida finne alternative løysingar. Og eg tenkte at når ferjene ikkje kunne gå på Festøya-Solevågen, så vart dei flytta til Hareid-Sulesund. Men det gjekk ikkje, for ferjelemmane var ikkje standardiserte. Og det forundrar meg stort at Statens vegvesen kan leve med det i 2011, seier Krakeli til NRK.

Ho vil no be om eit møte med Statens vegvesen.

– Dette er ei hastesak. Tidlegare har det vore ferjemateriell, og no er det ferjekaiene.

– Kan umuleg vere sant

Ferje

Det er ikkje automatikk i at alle ferjer kan legg til kai over alt i fylket.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Transportør Per Åge Bøstrand i Bøstrand Transport i Ørsta er sint og fortvila over situasjonen. Dei har 25 langtransportbilar og vel 30 tilsette.

Han er mest oppgitt over at ferjer ikkje kan flyttast mellom samband, fordi kaiene ikkje er standardiserte.

– Det første eg tenkte var at det kan umuleg vere sant. At det skal vere så store amatørar som planlegg så dyre ting som ferjekaier. Då må ein kunne forvente at det er folk som tenkjer på at det kan skje eit uhell med ei ferje, og at ein må kunne sette inn ei anna, seier Bøstrand.

– Komplisert

Lang kø

Det var lange køar på sambandet Hareid-Sulesund.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Men Ivar Hoel i Statens vegvesen seier at det slett ikkje er så lett som ein skulle tru å standardisere kaiene.

Ivar Hol, Statens vegvesen

Ivar Hol i Statens vegvesen vil gjerne diskutere saka med transportnæringa.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

– Nokre ferjer er nye, nokre er gamle, nokre har lange fallemmar, medan andre har korte. Det er ikkje enkelt å få til eit system som gjer at alle ferjene passar i alle kaiene, seier han til NRK.

Men han tek sjølvkritikk på at ikkje ferjene som går mellom Festøya og Solevågen kan gå mellom Hareid-Sulesund.

– Det er forskjell på fallemmane på ferjene. Det må bli gjort ei tilpasning for at ferjene kan gå inn i begge sambanda, og akkurat det kan vi ta sjølvkritikk på at vi ikkje har gjort, seier Ivar Hoel.

Og Hoel lovar å stille til møte med Transportbransjen om saka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL