Hopp til innhold

Rekdal finn framleis motivasjon

Plassen er sikra, og det er eit stykke opp til øvre halvdel. Kva er det eigentleg igjen å spele om for Aalesund? Søndag reiser AaFK nedover langs kysten for å møte poengtrengande sogndølar.

Kjetil Rekdal

Kjetil Rekdal er motivert før møtet med Sogndal søndag. Det trass i at AaFK ikkje har allverda å spele om.

Foto: Karlsen, Anette / NTB scanpix

– Vi spelar om like mange poeng som det Rosenborg og Molde spelar om på Aker Stadion. Tippeligakamp er blodig alvor.

Det seier Kjetil Rekdal, når han blir spurt om kva der no er igjen å spele om for Aalesund.

– Vi vil ha flest mogleg poeng, sjølv om vi ikkje spelar om seriegull.

– Plassen i Tippeligaen er sikra, det er fire poeng opp til Haugesund. Korleis motiverer du spelarane?

– Det skal eigentleg vere ei sjølvfølgje at dei er motiverte. Vi trenar kvar einaste dag for å konkurrere på dette nivået, og motivasjonen bør vere der, seier Rekdal til NRK.no.

Han nemner òg Haugesund, som tapte 3–2 mot Strømsgodset fredag.

– Klatrar om vi slår dei

For med siger mot Sogndal i Sogndal kan AaFK, faktisk, ta steget opp på øvre halvdel neste helg.

– Vi kan klatre opp i ryggen på Haugesund, og dei møter vi neste helg.

– Vinn vi desse to kampane klatrar vi, og det må vere ein motivasjonsfaktor, meiner Rekdal.

Saka held fram under bildet.

Sander Post

Det enda 1-1 i det første møtet mellom Sogndal og AaFK i årets Tippeliga. Sander Post sikra AaFK-poeng på overtid.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Mykje 2013

Likevel, verken Rekdal eller AaFK har lagt skjul på at mange tankar allereie ligg i 2013.

– Vi har kome eit godt stykke på veg, men vi går ikkje ut med noko konkret enno, fortel AaFK-trenaren.

Grunnen til det er enkel.

– Det er fire kampar igjen, i tillegg til at vi må få avklart ein del ting internt. Både økonomi og størrelse på stallen.

– Men det skal ikkje ta veldig lang tid før vi blir konkrete utad, slår Rekdal fast.

– Du har sagt at nokre spelarar har spurt om å få gå, og du har sagt at andre kanskje må gå. Kan AaFK-fansen vente seg mykje rullering i troppa i vinter?

– Altså, Aalesund er ingen svært rik klubb. Økonomien er trygg, og det er viktig, så det blir ikkje kjøpefest.

Mindre å velje i mot Sogndal

Kampen mot Sogndal går på Fosshaugane søndag 18.00. Der stiller Rekdal med færre valmoglegheiter enn mot Vålerenga på heimebane sist.

– Vi har aldri hatt full tropp i år, og det er som oftast 30 prosent forfall til kvar kamp. Men vi manglar spelarar frå sist helg denne gangen, seier Rekdal.

Kven og korleis laget stiller vil han ikkje seie noko om.

– Vi stiller ikkje same lag som førre helg, eg vil ikkje hjelpe Sogndal meir enn det, avsluttar AaFK-trenaren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL