Hopp til innhold

Like før gult farenivå ved Mannen

Det mest rasfarlege fjellområdet ved Mannen i Romsdalen bevegar seg mellom 4 og 5 millimeter i døgnet. Aukar rørslene vil NVE oppgradere farenivået frå grønt til gult.

Fjellet Mannen i Romsdalen.

I 2016 heva NVE faregraden til gult alt i juni. Med litt høgare temperaturar og litt meir regn vil truleg NVE heve farenivået til gult om ikkje lenge.

Foto: Ekseth, Ivar Gedde-dahl, Christian / NTB scanpix

Gjennom store deler av vinteren og langt ut på våren og tidleg sommar har det vore minimale rørsler i fjellpartiet. Frost og store mengder snø har halde fjellmassivet stabilt. Men etter kvart som frosten forsvinn frå bakken og nedbøren går over frå snø til regn aukar også rørslene.

Lars Harald Blikra

Sjefgeolog i NVE, Lars Harald Blikra.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Det er framleis tele og frost så høgt oppe i fjellet. Og det kom snø så seint som i natt. Men vi ligg like opp under grensa for å setje farenivået til gult, seier sjefgeolog Lars Harald Blikra til NRK.

– Jamne rørsler

NVE opererer med fire ulike faregrader. I store deler av vinteren, våren og litt ut på sommaren er det som regel grønt farenivå, noko som indikerer at skredfaren er låg. Gult inneber moderat skredfare, oransje høg og ved raudt nivå er det ekstrem skredfare, noko som inneber evakuering og avstenging av området.

Den siste veka bevega fjellet seg mellom 4 og 5 millimeter i den mest skredfarlege delen av fjellet Mannen.

– Det er ganske jamne rørsler og vi får ikkje dei heilt store utslaga. Og det skal store nedbørsmengder til før det blir sett i verk tiltak, seier Blikra.

Som det framgår av denne tabellen har det vore minusgrader ved Mannen også i sommarmånaden juni.

– Større fare i august

NVE reknar ikkje med at dei store rørslene kjem før tidlegast i august. Då er mest sannsynleg snøen og isen borte og grunnen er blitt lausare.

– Når vi kjem ut i august skal det mindre nedbør til før det blir store rørsler, seier Blikra.

Sist det var meldt raudt farenivå ved Mannen, og området blei evakuert, var i august 2016. Då var det, ifølgje tabellane til Yr oppe i over 50 millimeter nedbør i døgnet.

(Sjå tabellen for Yr. Skuv heilt til høgre for å sjå nedbør – og temperaturstatistikken for dei siste dagane).

Vil bruke ekstra vatn

Som tabellen viser er gjennomsnittstemperaturen ved Mannen no oppe i plussgrader, etter at det har vore minusgrader til langt ut i mai. Temperaturen er imidlertid framleis så pass låg, og det er framleis så mykje snø i området, at fjellpartiet held seg forholdsvis stabilt.

Den dagen temperaturane og nedbøren fører til store og aukande rørsler i dette fjellpartiet, vil NVE forsøke å setje fart i rørslene ved å pøse på med store mengder vatn. Dette vatnet er no i juli framleis islagt.

– Vi er ikkje heilt klar med dette prosjektet, og isen må gå på vatnet før vi kan ta i bruk denne metoden, seier Blikra.