Hopp til innhold

Ekstra vatn skal få Mannen til å rase

Neste gong alarmen går, skal det gjerast noko som aldri har vore gjort før.

Mannen

NVE skal pumpe inn vatn for å utløyse eit skred.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

Alle reknar med at det også i år blir raudt farenivå og evakuering rundt det ustabile fjellpartiet i Mannen i Romsdalen.

For å få fjellpartiet til å rase, skal det i år tilførast store mengder vatn.

– Det blir spennande å sjå kva vi får til, seier sjefgeolog i NVE, Lars Harald Blikra til NRK Møre og Romsdal.

Lars Harald Blikra geolog, her ved fjeller Mannen

Sjefgeolog Lars Harald Blikra i NVE seier at ingen har prøvd noko liknande før.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Han og kollegaene bur seg på ein jobb der dei skal pumpe vatn frå eit vatn på baksida av Mannen. Vatnet blir pumpa opp i tre store tankar og deretter sprøyta gjennom slangar ned i sprekkane. Dette skal skje når rørslene er store og folk i faresona er evakuerte.

Usikkert om det vil fungere

– Er de sikre på at dette vil føre til at fjellpartiet rasar ut?
– Nei, vi veit ikkje resultatet. Vi ser på dette som ein test. Det er ingen andre som har gjort noko slikt før.

Vasstilførsel Mannen

Vasstilførselen skal skje når fjellet er ustabilt og folk er evakuerte.

Foto: NVE

I oktober 2014 var det raudt farenivå med evakuering. Det same skjedde i september 2015 og august 2016.

– Når blir det i år?
– Det er umogleg å seie. Satsinga med vasstilførsel kan uansett ikkje gjennomførast før i august. Isen må gå på vatnet før vi kan setje i gang, seier Lars Harald Blikra.

Gunn Walstad Sogge

Gunn Walstad Sogge er glad for at det blir prøvd med vasstilførsel, men er ikkje sikker på om det vil fungere.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Håper å få fred

For dei 11 folka som bur under Mannen er det ei belastning å måtte evakuere år etter år.

Gunn Walstad Sogge seier til NRK at ho ikkje har stor tru på at vasstilførsel er det som skal til. Men ho er glad for at ekspertane prøver det dei kan.

– Vi er mektig lei av alt styret med evakuering og flytting av dyr. Vi håper å kunne få fred snart, seier ho.