NRK Meny
Normal

Lidenskapleg opptatt av opera

Under «Operafestukene i Kristiansund» får ein operaentusiast dyrke to lidenskapar som eigentleg ikkje heng saman, nemleg song og foto. Og han får gjere begge frå scena.

Sang og foto er hans lidenskap. Under operafestukene i Kristiansund kan han dyrke begge.

SJÅ TV-SAKA: Tommy Rustad får kombinere sine to lidenskapar under «Operafestukene i Kristiansund».

For enkelte er opera ein lidenskap. Og det er nettopp det opera har blitt for Tommy Rustad. Opera og foto er det han brenner mest for, og under «Operafestukene i Kristiansund» brukar han all si tid på nettopp desse to tinga.

Tommy Rustad

Tommy Rustad er lidenskapleg opptatt av opera.

Foto: Roar Halten / nrk

Bak scena er Rustad hektisk i gong med å gjere klart kameraet til førestillinga.

– Eg byrjar ofte bak scena og så beveger eg meg ut på scena og filmar dei forskjellige songarane, fortel han engasjert.

Har to roller på scena

Han får nemleg gjere noko han er frykteleg glad i. I førestillinga Lucia di Lammermoor er kamerajobben til Rustad ein viktig del av scenografien, men som medlem av operakoret, er han også med å syng i operaen. Då er det viktig å kunne skilje dei to arbeidsoppgåvene frå kvarandre.

– Eg syng meir enn eg filmar, så det er det som er hovudprioritet, men når eg filmar så prøvar eg å ha fullt fokus på det, seier han.

Men Rustad innrømmer at det ikkje alltid er like lett.

– Ofte tenker eg på den jobben eg skal gjere når eg skal synge medan eg filmar, men eg prøvar å ha fokus på ein ting om gongen, seier han.

Saka held fram etter bilete.

Tommy Rustad

Rustad får dyrka sine to lidenskapar, nemleg song og foto under «Operafestukene i Kristiansund».

Foto: Roar Halten / nrk

Ikkje nervøs

Og medan Rustad regisserer og planlegg korleis han skal få best mogleg bilete er det tydeleg å sjå at han trivst på scena, både bak kamera og i koret. Han fortel at han sjeldan blir nervøs.

– Sjølv om det er mange som ser på meg og er avhengig av at eg filmar det eg skal, så tenker eg ikkje så veldig mykje over det. Eg får berre ein veldig god og varm kjensle av det, seier Rustad og smiler.

tommy Rustad

Tommy Rustad sørger for at alt er på plass.

Foto: Roar Halten / nrk