Hopp til innhold

Donna Bacalao gjenoppstår og flyttar innandørs

Ein ny operasesong står for døra, med mellom anna «Stikk Ut Opera» som ein ny liten vri. –Opera på Varden i februar blir kjekt, meiner operasjef Line Lønning Andresen i Kristiansund.

Donna Bacalao
Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ho vedgår at dette berre er littegran krydder i det store programmet, men målet er heilt klart å nå ut til fleire.

Av mangt og mykje på eit langt program meiner ho det vil glede mange at klippfiskoperaen eller musicalen Donna Bacalao gjenoppstår.

Donnaen i Festiviteten

– Vi er veldig glade i Donna Bacalao sjølve, men den har ikkje blitt sett opp sidan 2012. Vi har prøvd å finne måtar slik at den kan leve vidare. Dette er ein einaste stor hit-parade som Frode Anlæs og Stig Nilsson har levert ei rekke flotte låtar til, fortel Lønning Andresen.

Frode Alnæs og Stig Nilsson syng

Frode Alnæs og Stig Nilsson har gitt ord og tonar til Donna Bacalao.

Foto: Roar Strøm / NRK

Tidlegare har Donna Bacalao blitt framført utandørs, men i år blir musicalen å sjå og høyre i Festiviteten.

– Det blir meir ein konsertversjon, men med flottte kostymar, flott dans og operakoret med solistane Halvor og Knut Marius Djupvik, som begge har vore med tidlegare. Og sjølvaste Donnaen blir Beate Mordal frå Molde.

Operasjefen fortel at pågangen frå publikum har vore stor allereie, noko som gjer henne både glad og stolt.

Klassisk og eigenprodusert opera

Ho lovar også meir klassisk opera, der dei sjølve skal produsere begge denne sesongen. «La Boheme» er den mest spelte operaen i verda, men det er nokre år sidan den blei sett opp i Kristiansund.

– Den lagar vi heilt frå botnen av, og det same med «Perlefiskerne», som kanskje ikkje er like kjent, men som har ein duett som er til å dø av.

Eigenproduksjonar inneber at mykje arbeid er i vente, med sying, snikring og maling.

Operasjef Line Lønning Andresen

Operasjef Line Lønning Andresen kan knapt vente med å kome i gang med årets sesong.

Foto: Roar Halten / NRK

– Vi må starte tidlegare, og to eigenproduksjonar gjer det ekstra spennande, så det blir ein travel haust.

No er operasjef Line Lønning Andresen spent på om det som ser fint ut på pariret passar når dei kjem inn i Festiviteten. Men ikkje meir spent enn at ho har gledd seg lenge.

– Det blir ein pangstart med allsang i Vanndamman, der det tidlegare har vore ein folkefest med 5-600 tilstades, trass i dårleg ver innimellom. Så dette blir ein fin måte å kickstarte operasesongen på.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL