Hopp til innhold

Foreldre utan barnepass troppa opp på rådhuset

SFO på Lerstad skole har så lite bemanning at dei eldste ikkje får sleppe inn. I dag aksjonerte barn og foreldre.

Santiago Ortiz Klock utanfor Ålesund rådhus

HEIME ÅLEINE: SFO er stengt for sju år gamle Santiago Ortiz Klock og fleire andre elevar frå 1.–4. klasse i Ålesund.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

I resepsjonen på Ålesund rådhus er det høglydt skrål og leik. Barn sitt opp ned i sofaen og nokre gøymer seg bak gardinene.

Barna skulle ha vore på SFO, men på grunn av kritisk lav bemanning har rektor stengt tilbodet for 3. og 4. klassingane i ein periode. 1. og 2. klassingane har fått redusert opningstid. Foreldre håper at bråket på rådhuset skal gi ei løysing.

– Det kom som eit sjokk, absolutt. Og på veldig kort varsel. Eg synest ikkje det er rett at så unge barn skal vere heime åleine, seier leiar i FAU, Øyvind Rødahl.

Han får støtte av Santiago Ortiz Klock, som må gå heim etter enda skuledag:

– Eg likar ikkje å vere heime åleine, seier sjuåringen.

Barn som leikar i resepsjonen på Ålesund rådhus

Det var litt meir aktivitet enn vanleg inne i resepsjonen til Ålesund rådhus måndag ettermiddag.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Får ikkje tilsette fleire

Ålesund kommune innførte tilsettingsstopp i oktober i fjor. Det betyr at sjølv om elevtalet på Lerstad skule aukar, blir det ikkje fleire tilsette.

– Fleire barn krev fleire personale, det er eit enkelt reknestykke, seier rektor Hårek Sande til Sunnmørsposten.

Til avisa beklagar han at beskjeden om stenginga kom på så kort varsel. Han ynskjer ikkje å kommentere saka til NRK.

Lerstad skole i Ålesund
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Då kommunen innførte tilsettingsstopp sende FAU ei bekymringsmelding, men dei har ikkje blitt høyrde meiner leiaren for foreldreutvalet.

På eitt år har det blitt 30 fleire elevar på SFO ved skulen i Ålesund. Og samtidig som dei har tilsettingsstopp, er fleire av dei tilsette sjukmelde. Rødahl trur noko av det skuldast slitasje fordi det er for få folk på jobb.

Leiar i FAU ved Lerstad skole, Øyvind Rødahl

FAU-leiar Øyvind Rødahl krev at politikarane løyver pengar slik at dei kan tilsett fleire.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Må ta med dottera på jobb

Trebarnsmor Camilla Slyngstad forstår at rektor følte seg tvungen til å stenge SFO, men for henne skaper det eit stort stress i kvardagen.

Ho må hente eldstedottera etter at ho er ferdig på skulen og ta henne med på jobb.

– Det er heilt uaktuelt at ho skal vere heime åleine, seier Slyngstad. Ho må også slutte av arbeidsdagen tidlegare enn vanleg for å hente dei to yngste.

Foreldre utan barnepass troppa opp på rådhuset i sinne

Både foreldre og barn møtte opp på rådhuset måndag, for å seie kva dei synest om stenginga av SFO.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Skulen må rokere

Kommunalsjef for oppvekst i Ålesund kommune, Hildegunn Pedersen, seier at det ikkje er ein god situasjon med stengt SFO, sjølv om det berre er for ein kort periode.

Ho er fast bestemt på at det er skulen sjølv som må løyse utfordringane med SFO-stenginga innanfor budsjettet sitt.

Hildegunn Pedersen er tilsett som ny kommunalsjef for oppvekst.

Hildegunn Pedersen er kommunalsjef for oppvekst i Ålesund kommune.

Foto: Ålesund kommune

– Det er ingen heldig situasjon å gjere det slik, men det er ikkje noko direkte lovbrot heller. Lova som regulerer SFO, er slik at i ytste konsekvens så kunne Ålesund kommune hatt ein SFO i hele kommunen, og så ville vi ha vore innanfor lova. Det er jo ikkje ynskjeleg, seier Pedersen.

Ho meiner det er på tide å diskutere om SFO skal vere eit tilbod til alle, eller om plassane skal bli tildelt slik som i barnehagane.

Pedersen sat i møte på toppen av rådhuset og kunne ikkje treffe aksjonistane på rådhuset i dag. Dermed måtte foreldre ta med ungane sine og dra heim med uforretta sak.

– Aller helst burde vi sendt dei opp i 11. etasje og late dei vere der. Men vi må vel ta dei med oss, for det er vel ingen som tør å passe på dei her, seier FAU-leiar Rødal.