Hopp til innhold

Garasje totalskadd i brann i Hustadvika

I natt byrja det å brenne i ei garasje i Elnesvågen i Hustadvika kommune. Garasjen blei raskt overtent, men det var ikkje fare for at brannen skulle spreie seg.

Naudetatane rykte ut til staden, brannvesenet starta sløkkingsarbeidet og fekk etter kvart kontroll på brannen.

Brannvesenet melde etter kvart at garasjen var nedbrent. Ingen personar blei skadde i samband med brannen.

– Det stod også ein bil inne i garasjen. Det er for tidleg å seie noko om årsaka til brannen, men vi har oppretta ei sak og vil gjere undersøkingar på staden når det er mogleg, seier Eivind Klokkersund, operasjonsleiar i politiet