Hopp til innhold

Mann gjekk inn i Ellingsøytunnelen

Ellingsøytunnelen i Ålesund måtte i natt stenge etter at ein full mann i 20-åra gjekk inn i tunnelen.

– Vi ønskjer ikkje å ha gåande inne i tunnelen. Det er trafikkfarleg og utgjer ein fare både for vedkomande som gjekk i tunnelen og for bilistane, seier Eivind Klokkersund, operasjonsleiar i politiet.

Det er så langt uklart kva som var årsaka til at mannen valde å gå inn i tunnelen. Politiet har oppretta ei sak for ordensforstyrring på hendinga.