I fleire år har innbyggarane i Talsetfeltet i Nesset hatt problem med vasstilførselen. Men no er det nok, meiner dei, og krev at kommunen får fortang i utbetringa. I over eit halvt år har vatnet vore så forureina at dei har blitt rådde til å koke det.
Borar etter grunnvatn
Vatnet på Talset er også eit problem for kommunen, seier oppsynsmann Alf Martin Bergset i Nesset. Han beklagar og seier kommunen borar etter grunnvatn ein annan stad. Førebels er ikkje prøvene derifrå klare.