Hopp til innhold

Legevakta trudde det var omgangssjuke – kvinne døydde

Legevakta forstod ikkje at kvinna var dødssjuk, men trudde ho hadde omgangssjuke. Ho burde blitt sendt til sjukehus i helikopter, meiner Fylkesmannen.

Ålesund legevakt

Fylkesmannen konkluderer med at ei kvinne ikkje fekk forsvarleg helsehjelp frå Ålesund interkommunale legevakt.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kvinna vart stadig dårlegare og familien var redde. Dei ringde legevakta i Ålesund tre gongar.

Legevakta trudde det var omgangssjuka og bad heimesjukepleia i den vesle sunnmørsbygda om sjå til kvinna. Då ein assistent frå omsorgssenteret kom, var tilstanden så kritisk at kvinna blei sendt til sjukehus i ambulanse. Det legen trudde var omgangssjuke, viste seg å vere multiorgansvikt. Kvinna døydde på sjukehuset.

– Ikkje forsvarleg helsehjelp

Dødsfallet skjedde i 2017. No konkluderer Fylkesmannen med at kvinna ikkje fekk forsvarleg helsehjelp.

Fylkeslege i Møre og Romsdal, Karin Müller Mikaelsen

Brot på helselova kan, ifylgje fylkeslege Karin Müller Mikaelsen, ha betydning for eventuelle framtidige tilsynssaker.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Fylkesmannen har inntrykk av at legen ynskja å unngå at pasienten kom til legevakta. I rapporten står det at det verkar som om legen ikkje tenkte på at symptoma kunne skuldast noko anna enn omgangssjuke.

Fylkesmannen skriv at legen på eit tidleg tidspunkt burde ha bestilt helikoptertransport til pasienten. Saka får ikkje konsekvensar for helsepersonellet på legevakta no. Brot på helselova kan, ifylgje fylkeslege Karin Müller Mikaelsen, ha betydning for eventuelle framtidige tilsynssaker.

Trist sak

I ettertid ser dei ansvarlege for legevakta at kvinna burde ha blitt sendt til sjukehus på eit tidlegare tidspunkt, med helikopter. Kvinna budde fleire mil unna legevakt og Ålesund sjukehus. Ho hadde ein kronisk sjukdom.

– Det er ei frykteleg trist sak med eit tragisk utfall og det er svært beklageleg for dei pårørande, seier kommunelege i Ålesund, Aleksander Linge Sommerdalen.

Legevakta skal ha ein lågare terskel for ta pasientar med lang reiseveg inn til vurdering, men det vart ikkje gjort i denne saka.

– Sjølv om ein løyser ut ambulansebåt eller ferje på nattetid og det er kostnader forbunde med det, skal terskelen vere låg, seier Sommerdalen.

Han seier også at det ikkje er vanleg praksis frå legevakta å overlate ansvaret for ein sjuk pasient til institusjonar ute i distriktet. Dette var heller ikkje intensjonen denne dagen. Sommerdalen seier at legevakta i etterkant har brukt denne saka som læring, for å unngå at det skal skje igjen.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med legen.

Ordføraren er kritisk

Innbyggjarane i Noreg er heilt avhengig av hjelp frå legevakta dersom noko skjer etter kontortid. Ikkje alle har eiga legevakt og inngår samarbeid med andre kommunar. Dermed kan legevakta ha ansvar for eit enormt geografisk område, der pasientar bur langt unna sjukehuset.

Ordføraren i heimkommunen er kritisk til det som skjedde og sende saka inn til Fylkesmannen. Han meiner den lange avstanden til sjukehus og legevakt var av stor betydning for det som skjedde.

– Jo lengre avstand til sjukehus, dess større er risikobiletet. Det er viktig at både legevakta og dei som sit i sentrale posisjonar tar inn over seg at avstand kan vere ein trussel, seier ordføraren.

Dei pårørande er kjende med at NRK omtalar saka, men ønskjer ikkje å gje nokon kommentar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL