Overraska då han plutseleg var nummer éin

Det horrible vêret heldt seg unna, og John Legend trollbatt 6000 publikummarar i opphaldsvêr under Moldejazz. Sjølv visste ikkje amerikanaren at han var populær i Noreg før plata hans plutseleg toppa listene.

Den amerikanske soulartisten John Legend har ein stor tilhengarskare i Norge. Torsdag kveld gjesta han jazzfestivalen i Molde.

Legend tok Molde med storm

John Legend

Her, i 2011, står John Legend med tre av sine ni Grammy-prisar i hendene.

Foto: Afp

– Det var ei overrasking, det var mitt første album «Get Lifted», byrjar John Legend.

Den amerikanske soulartisten har opplevd enorm suksess sidan debutalbumet i 2004. Ni Grammy-prisar og tre soloalbum dei amerikanske R & B-listene. Men først toppa han den norske topplista.

– Første gongen eg nokon gong blei nummer éin på ei liste var her i Noreg etter den første veka med sal på første albumet. Eg hadde ikkje peiling på at folk i Noreg i det heile tatt visste kven eg var, seier Legend til NRK.

Publikum under Moldejazz

Publikumshavet var stort då Legend stod på scena.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Alltid spennande med nye festivalar

Han har samarbeidd med Kanye West, Jay-Z, Alicia Keys og The Roots – for å nemne nokre artistar. I går stod han framfor eit publikumshav på Romsdalsmuseet.

– Eg er alltid spent før eg skal spele på ein ny festival. Eg er spent på korleis publikum er, og korleis energien er. Det blir kjekt i kveld, sa Legend før han gjekk på scena.

Han var headliner på dag fire av Moldejazz, og dei over 6000 frammøtte fekk med seg eit fyrverkeri av ein konsert.

Det blei både nye og gamle favorittar under konserten, i tillegg til smakebitar frå det komande albumet til Legend.

– Songar om kjærleik

I september kjem artisten nemleg med albumet «Love in the Future».

– Det er songar om kjærleik, håp og om framtida. Og det er songar om kvar eg er hen i livet mitt akkurat no, fortel Legend.

Tilhengarskaren til soulartisten, frå Springfield, Ohio i USA, er stor her i Noreg. Han håper folk vil like det fjerde soloalbumet.

– Eg håper folk vil glede seg over albumet. Eg håper at folk får leve med musikken, bli inspirerte og at albumet får dei til å føle noko, avsluttar soulartisten.

John Legend

Soulartisten håper det norske publikumet vil ha glede av hans komande album.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK