Legekontor måtte stenge etter at pasient troppa opp for koronatest

Ein pasient gjekk rett inn på Myrvåg legesenter på Sunnmøre og ville teste seg for korona. Dermed måtte legekontoret stenge for å desinfisere lokala.

Myrvåg helsesenter

Kommunen vurderer å stenge dørene til legekontoret dersom folk ikkje innrettar seg etter instruksane.

Foto: Tomas Paulsen

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Pasientar i heile landet har fått beskjed om å ikkje møte opp på legevakta for å bli koronatesta med mindre det er avtalt, men på Myrvåg legesenter i Herøy skjedde nettopp dette.

– Pasienten gjekk truleg glipp av informasjonen som stod på døra ute og gjekk inn på venterommet, fortel ordførar i Herøy, Bjørn Prytz. Det var Vestlandsnytt som først omtalte saka.

Det er usikkert om pasienten er smitta, men uansett måtte legekontoret stenge for å desinfisere området personen hadde vore i.

Bjørn Prytz, rådhuset i Herøy

Bjørn Prytz er ordførar i Herøy. Han ber alle fylgje instruksane til kommunen om å gjere avtale med legekontoret på førehand.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det er beklageleg at vi kjem i slike situasjonar, seier Prytz. På heimesida til kommunen står det at to personar som var i lokala då pasienten kom inn, no må i karantene.

Ordføraren seier at dei må vurdere å låse dørene til legekontoret, dersom det viser seg at folk ikkje rettar seg etter informasjonen om å gjere avtale på førehand. Dei som får beskjed om at dei skal testast, skal møte opp utanfor bygget.

Så langt har ingen testa positivt på Koronasmitte i Herøy. Prytz håper at det skal halde fram slik.

I 21.30-tida måndag opplyste Herøy kommune om at legekontoret er klart til opning att.

Status Norge

Sist oppdatert: 25.09.2020
761
Siste uke
19
Innlagt
270
Døde

Flere nyheter fra Møre og Romsdal