Hopp til innhold

Lege blei frikjend - ankar saka

Saka der ein pasient har skulda ein lege for å ha massert brystvortene hennar, kan få ein ny runde i retten.

Den tidlegare legen blei nyleg frikjend i tingretten.

Påtalemakta har bestemt seg for å anke, og politiinspektør Anders Skorpen-Trøen seier dei har vurdert bevisa annleis enn tingretten. Det er difor ønskeleg at lagmannsretten vurderer saka på nytt.

Forsvararane til den tidlegare legen skriv i ein epost at det er både uforståeleg og uansvarleg å anke dommen. Dei er svært kritiske til arbeidet til påtalemakta og helsetilsynet i saka.

Den tidlegare legen har heile tida sagt at han er uskuldig.

Statens helsetilsyn tok autorisasjonen frå han hausten 2022.

Rettssak i Molde

Tidlegare lege frikjend for å ha massert brystvortene til pasient

Pasienten kom gråtande ut frå legekontoret og seier ho spydde då ho kom heim. Legen nektar for at det skjedde noko gale, og blei trudd i retten.