Hopp til innhold

Rebekka pendlar 34 mil til jobb: – No får eg tid til andre ting enn jobb

17 mil til og frå jobb plagar Rebekka (29) lite. Med ny jobbturnus får ho tid til å dyrke hobbyane sine. Fagforbundet åtvarar likevel mot «Nordsjøturnus» i helse- og omsorgsyrket.

Rebekka Karlsen er fra Storslett i Troms, men jobber i Alta - 17 mil unna. Dette kan hun på grunn av den nye turnusen i Alta. Nå får hun tid til å dyrke hobbyene sine.

Vernepleiar Rebekka Karlsen (29) pendlar 17 mil til og frå jobb i Alta. Men det er verd det, meiner ho. – Eg har meir fri nå enn eg hadde før. Nå har eg tid til å dyrke hobbyane mine, seier 29-åringen.

Foto: Willy Johansen

– Eg har fått ein ny kvardag. No jobbar eg intensivt i nokre dagar, og så har eg langfri. Da får eg tid til å ta turar i skog og mark, og ikkje minst gå i gang med eigne prosjekt.

Det fortel Rebekka Karlsen.

29-åringen frå Storslett i Troms er vernepleiar og pendlar til jobb i Alta. Ei strekning på 17 mil kvar veg.

Her jobbar ho i ein variant av såkalla «Nordsjøturnus», og ho er stornøgd med ordninga. Vinterstengde fjellovergangar og dårleg vintervêr til trass.

– Det kan jo av og til vere litt dårleg vêr, men det er berre å planlegge litt betre. Det har stort sett gått kjempebra, smiler ho.

Fleire distriktskommunar i Noreg har dei siste åra innført ein type «Nordsjøturnus» i eit forsøk på mellom anna å løyse fastlegekrisa.

Mange kommunar har no fått på plass fastlegar, men ordninga har likevel vore omdiskutert.

Kjem frå inn- og utland

Alta kommune innførte for eitt år sidan ein tredelt variant av «Nordsjøturnusen» på fleire avdelingar innan helse- og omsorgssektoren.

Her jobbar Karlsen og andre ei veke før dei har tre veker fri. Deretter ei veke jobb og ei veke fri/bakvakt, og til slutt ei veke jobb og ei veke fri. Så byrjar turnusen på nytt igjen.

No pendlar helsefagarbeidarar frå Trøndelag, Bergen, Troms og Finland inn til Alta for å jobbe.

– Turnusordninga er med på å gjere at du får henta deg inn. Ho gir motivasjon til å yte ditt beste for å legge til rette for at menneska du jobbar for skal ha ein fin dag, eit godt liv og få gode helsetenester, seier Karlsen.

– Eg har fått mange nye kollegaer sidan eg begynte. Vi har eit godt arbeidsmiljø med flinke og dyktige fagfolk. Dette nyt brukarane godt av. I tillegg til at dei har ein tryggleik i at vi har ein stabil stab, legg ho til.

Kunne du tenkt deg "Nordsjøturnus"?

Lågare sjukefråvær

Verksemdsleiar for tilrettelagde bustader i Alta kommune, Anita Herstad Tangen, seier innføringa av den nye turnusen har vore til stor help.

Ikkje berre i kampen for å skaffe personell, men også som eit ledd i å motverke eit aukande sjukefråvær.

Vi ser nå eit betrakteleg lågare sjukefråvær og overtidsbruk enn før. Avdelingsleiarar opplever i tillegg at dei har meir tid til fagutvikling og oppfølging av dei tilsette, seier Tangen.

Les også Drar til gokk for å bli best

Båtsfjord helsestasjon 1

– Med den nye ordninga treng vi heller ikkje å skaffe ferievikarar. Sommarferien er inkludert i turnusen.

Det seier Jorunn Sætermo, avdelingsleiar i verksemd tilrettelagde bustader.

Attraktiv turnus

Kautokeino kommune har no gått i gang med ein liknande turnus som Alta har.

Kent Ailo Hætta, kommunalleiar for helse og omsorg, melder om positive resultat så langt.

– Vi ser at dei avdelingane som har fått turnusen, og ikkje minst der vi planlegg å innføre han, opplever stor interesse. Mange helsearbeidarar søker seg nå til desse avdelingane og spør etter spesielt langvaktene, seier Hætta.

Hammerfest kommune har òg ei liknande ordning i ein omsorgsbustad.

Les også Desperat jakt på tilsette – kommune tilbyr «nordsjøturnus»

Vinje kommunehus

– Fryktar konsekvensane

Helene H. Skeibrok er nestleiar i Fagforbundet.

Ho er svært skeptisk til denne typen langturnusar. Ikkje på kort sikt, men på lang sikt.

– Det kan sikkert vere vinning på kort sikt, ved at fleire søker seg til desse stillingane, seier Skreibrok.

Før ho legg til:

– Vi er likevel opptatte av at folk skal ha eit arbeidsliv dei kan stå i til pensjonsalder. Og ikkje minst at dei skal ha god helse den dagen dei går av med pensjon. Vi fryktar at denne typen turnusar kan slite ut folk, seier ho.

Helene Harsvik Skeibrok, nestleder i Fagforbundet.

ÅTVARAR: Helene H. Skeibrok, nestleiar i Fagforbundet, åtvarar mot aukande bruk av «Nordsjøturnus» i helse- og omsorgsyrket. – Vi fryktar dei langsiktige følga av å gå lange og intensive vakter, seier ho.

Foto: Werner Juvik / Fagforbundet

– Går aldri tilbake

Skeibrok viser blant anna til årsrapporten til helsedirektoratet for 2023 som ifølge ho fortel om ein auke i helseplager blant helsefagarbeidarar.

Spesielt gir dei med små barn tilbakemelding om at det er uaktuelt å jobbe i ein slik turnus, fordi det vil vere vanskeleg å tilpasse kvardagsliv og jobb.

Rebekka Karlsen kjenner seg likevel ikkje igjen i bekymringane til Skreibrok i Fagforbundet.

Med denne ordninga får du bruke kompetansen og gjere jobben du brenn for, samtidig som du får ein fin balanse mellom intensive arbeidsperiodar og fritid, seier ho.

Og legg til:

– Eg synest at dette er ei fantastisk ordning, og har ingen umiddelbare ønske om å byte dette bort, seier ho.

Rebekka Karlsen er fra Storslett i Troms, men jobber i Alta - 17 mil unna. Dette kan hun på grunn av den nye turnusen i Alta. Nå får hun tid til å dyrke hobbyene sine.

Rebekka Karlsen (29) på Storslett, vil nødig gi opp jobben som vernepleiar i Alta. Den kan ho pendle til som følge av den nye turnusen som blei innført for om lag eitt år sidan.

Foto: Willy Johansen